Ein hund frå Norske Redningshunder fann den tyske kvinna som var teken av skredet. Biletet er frå då hundane var på veg ut frå Haugastøl.
Ein hund frå Norske Redningshunder fann den tyske kvinna som var teken av skredet. Biletet er frå då hundane var på veg ut frå Haugastøl.

Tilstanden til kvinna er etter forholda bra

Rett før klokka 16 vart den tyske kvinna funnen av redningsmannskapa.

Nær fire timar etter at turkameratane vart vitne til at den tyske kvinna vart teken av snøskred, vart ho funnen av redningsmannskapa. Klokka var rett før 16, og kvinna fekk medisinsk behandling på staden.

Kvinna vart teken med inn på ein vaktarbustad på Hardangevidda, men vart etter kvart frakta til Geilo med tog.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Normalt hadde me gått inn med helikopter og floge pasienten til sjukehus, men grunna vanskelege vêrforhold var dette beste måten å gjera det på, seier innsatsleiar Odd Halvard Seterdal.

Klokka 18.30 får Hallingdølen opplyst at tilstanden til kvinna er god, etter forholda.

- Me veit at ho vart funnen i live, og me håpar ho skal klare seg bra, seier Seterdal.

- Kva med dei fem andre i reisefølgjet?

- Ein av dei følgde pasienten til sjukehus, dei andre vart verande på Haugastøl til dei vart frakta vidare av redningsmannskapa, opplyser Seterdal.

Skredet skjedde ved toppen Gråskallen, mellom Haugastøl og Finse.

Bergingsmannskapa vart svært positivt overraska då dei fann den sakna i live.

- Det er litt overraskande. Du har ikkje så mange minutt på deg før du må bergast ut frå eit snøskred, og her er det snakk om fleire timar, fortel Odd Halvard Seterdal.  Det var rett før klokka 13 at politiet fekk melding om skredet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men aksjonen var krevjande?

- Me har kjempa mot det meste her. Slik sett er det utruleg tilfredsstillande at det ser ut som me kan ha redda eit liv, seier Seterdal.

Petter Braaten i Statens Naturoppsyn var ein av mange som bistod politiet i den krevjande bergingsaksjonen, og han var også tilstades då kvinna vart funnen:

- Det var heilt marginal sikt. Ekstremt mykje nedbør, og då aukar skredfaren raskt. Samstundes følte me oss ganske trygge på at det var greitt å vera der. 

- Me søkte lenge med stong før me fekk den fyrste markeringa  med hund. Då gjekk det åtte-ti minutt før me fann kvinna, fortel Braaten. 

Utgravinga gjekk raskt, og dei fann kvinna under rundt halvannan meter snø. Dei såg raskt livsteikn.

-  Etter så mange timar er det ganske oppsiktsvekkjande at vedkommande var i live. Eg har drive med redningsarbeid  i skred i 35 år og vart overrraska. Leiteaksjonen har vore fantastisk bra organisert og samarbeidet har vore veldig godt, seier Petter Braaten.