Denne sauen var den fjerde politiet måtte avlive fredag ettermiddag.
Denne sauen var den fjerde politiet måtte avlive fredag ettermiddag.

Ti sauer drepne av hundar

To laushundar gjekk til angrep på beitande sau på Grøthestølen i Hemsedal fredag.

Dei 27 sauene til gardbrukar Petter Brennhovd beita på den inngjerda stølsvollen.

Fredag kveld var ti sauer døde. Fire hadde vorte avliva av politiet på stølsvollen, mens seks vart avliva av veterinær.

Artikkelen held fram under annonsen.

Store skader

Hallingdølen møtte Brennhovd på Grøthestølen fredag ettermiddag.

Då leita han etter sauene sine saman med politiet.

– Brutalt og vondt, seier Brennhovd.

To hundar angreip saueflokken til Petter Brennhovd fredag. Her ligg ein død og to hardt skadde sauer. - Det er vondt, seier Brennhovd.
To hundar angreip saueflokken til Petter Brennhovd fredag. Her ligg ein død og to hardt skadde sauer. - Det er vondt, seier Brennhovd.
Ti sauer er døde etter hundeangrepa. Fredag ettermiddag låg døde og skadde sauer rundt omkring på stølsvollen.
Ti sauer er døde etter hundeangrepa. Fredag ettermiddag låg døde og skadde sauer rundt omkring på stølsvollen.
27 sauer var på beite på Grøthevollen. Ti døde etter at to hundar angreip.
27 sauer var på beite på Grøthevollen. Ti døde etter at to hundar angreip.

Rundt på stølsvollen ligg døde sauer. Mange er også tydeleg hardt skadde etter angrepa frå hundane som truleg var ein husky og ein Alaska Malamute. Mens Hallingdølen er med Brennhovd og politibetjentane på leiting etter dei tre siste sauene i flokken, må politiet avlive ein sau. Då hadde politiet avliva til saman fire sauer denne ettermiddagen.

– Av 27 sauer har eg berre sett tre som ikkje har skader, seier Brennhovd.

Sperra inne hundane

Det var ein bonde på nabostølen som oppdaga at hundane herja.

Politiet og dyrlege vart varsla, og Brennhovd reiste opp på stølen med det same. Han vart møtt av eit grufullt syn.

– Me fekk tak i hundane og sperra dei inne, seier Brennhovd

Artikkelen held fram under annonsen.

Då venta han på at veterinæren skulle kome for å undersøkje dei overlevande dyra. Sauene vart deretter frakta heim til garden.

Blir avliva?

Eigarane av dei to hundane vart raskt kontakta etter angrepa fredag, og etter det Hallingdølen fekk opplyst i Hemsedal skulle hundeeigarane avhøyrast fredag kveld.

Laurdag morgon opplyser operasjonssentralen i Sør-Øst politidistrikt at dei ikkje har ytterlegare informasjon, men at det skal gjerast nye undersøkingar i løpet av dagen. Kva som skjer med dei to hundane er ikkje avgjort.

– Hundane er tekne i forvaring av politiet, og det skal gjerast ein påtalemessig vurdering om avliving. Dette er ikkje teke stilling til enno, opplyser politiet.

Det er framleis bandtvang i Hemsedal.