annonse

Svart skjerm på 17. mai

I streik
I streik: Gunnar Grimstveit og kring 1700 andre NRK-journalistar er tatt ut i streik etter at forhandlingane med statskanalen braut saman tysdag 15. mai. (Foto: Bernt Ivar Bergum)
I streik
I streik: Usemja går på løn og vilkåra for vikarar. Ei planlagd sending frå Leveld 17. mai går ut. (Foto: Bernt Ivar Bergum)

NRK gjekk ut i streik kl. 1300 i dag, tysdag 15. mai. Det betyr ingen direktesending på NRK på nasjonaldagen.

Bernt Ivar Bergum

I år skulle NRK etter planen besøke Leveld på nasjonaldagen, men etter brot i lønnsforhandlingane går det i staden mot svarte skjermar.

Det stadfestar NRKs faste reporter i øvre Buskerud Gunnar Grimstveit.

– Eg hadde trudd ein kom i hamn etter forhandlingar tolv timar på overtid, seier Grimstveit. Sjølv var han langt inne i fjellet for å gjere ein reportasje om snøsmelting og flaumfaren. Den kjem neppe på lufta no.

– Det kan bli juni før streiken er over, trur han.

Det er tolv år sidan NRK sist var ute i streik. Den gongen vara streiken i seks dagar. I 1990 vara streiken i 25 dagar.

No er usemja knytt både til lønnsgapet mellom NRK og dei store mediehusa i Oslo, samt vilkåra for tilkallingsvakter samanlikna med fast tilsette. Leiar i Norsk Journalistlag NRK (NRKJ) Richard Aune seier til NRK at det ikkje har vore reelle forhandlingar. Arbeidsgjevars forhandlingsleiar Olav Nyhus beklagar at det ikkje var mogeleg å kome fram til ein avtale med NRKJ «innanfor same økonomiske ramme som dei andre».

Streiken betyr i første omgang at 1700 NRK-tilsette legg ned arbeidet. Konsekvensen er eit redusert tilbod, med mogeleg rom for å sende tidlegare produksjonar, opplyser kanalen.

Grimstveit sit ikkje streikevakt utanfor eige kontor, der berre han sjølv er tilsett, men han har lagt ned arbeidet.

– Det er berre mobilen eg får lov å ta med meg, seier han.