Med familie på Geilo kom Odd Nordstoga rett frå legging av garasjetak til konserten ved Halnefjorden.

Slik varma Odd Nordstoga opp før han spelte for 500 på Hardangervidda

Odd Nordstoga kom rett frå legging av garasjetak hjå svogaren på Geilo då han samla 500 til herleg høgfjellskonsert på Hardangervidda fredag kveld.

- De får spørje han kor bra det vart. Men forarbeidet var veldig godt så det gjekk greitt å legge taksteinane, humrar Odd Nordstoga når me spør korleis oppladinga til utekonserten har vore.

Fredag spelte han for rundt 500 ved Halne fjellstugu midt på Hardangervidda. Mens Lars Monsen og hærskaren hans traska i veg mot neste turisthytte, hadde Nordstoga-fans slått seg ned i lyngen ovafor Halnefjorden. Ei stor utescene var sett opp i høve den aller fyrste halnefestivalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass i ein eventyrleg karriere vedgår Odd Nordstoga at han framleis er nervøs for om det kjem folk på konsertane.
Det nærmar seg konsert i skråninga mellom Halne fjellstugu og Halnefjorden på Hardangervidda. Odd Nordstoga har berre att å ta på seg penskjorte, konsertbrok og spelesko (!).

- Kjem det folk?

Mens rykta vil ha det til at Nordstoga nærast bad om å få halde denne konserten, tonar han dét litt ned:

- Eg møtte Geirmund (Tormodsgard, som driv Halne fjellstugu, red.merk) for eit år sidan og han meinte at her burde eg spela ein gong. Om du skaffar folk, så skal eg spela eg, svara eg.

Akkurat det vart ikkje den verste utfordringa. Og vertane på Halne, Geirmund Tormodsgard og Ingar Dalen, kom gåande nærast med gliset fyrst gjennom lyngen etter kvart som konsertgjestene strøymde på utover kvelden.

Medan det regna nede i bygda skein sola over Odd Nordstoga og konserten på Hardangervidda.
Rundt 500 møtte opp for å få med seg konserten ved Halnefjorden på Hardangervidda.

Nordstoga har hevda at han, trass i å ha vore ein av Norges mest populære artistar sidan gjennombruddet med plata «Luring» i 2004, framleis er spent på om folk kjem på konserten hans.

- Verkeleg?

- Ja, eg er litt nervøs for det. Men jobben min er å spela og gjera så godt eg kan for dei som høyrer på, uansett kor mange dei er.

Men kva er det aller finaste nokon kan seie til han etter ein konsert? Nordstoga må tenkje på det. Lenge. Så kjem svaret:

- "Åh det var så herlig! Når du dro på litt der, det var så herlig!"

Artikkelen held fram under annonsen.

Da munnspelet i G-dur var på plass var det berre å dra på.
Ein god start. Blir det ny festival ved Halnefjorden i 2019?

Familieferie mellom spelejobbane

Nordstoga vedgår at han er heldig med at det ofte kjem mykje folk. Fredag var det ikkje minst mykje familie blant publikum, både kone, svigerinner og svigerforeldre.

- Korleis er det?

- Både óg, dei er flotte til å stille opp. Eg har blitt vane med at det er kjenningar i salen, så det er ikkje flautt lenger slik det var i starten. No er eg 45 år, så det er på tide å skjerpe seg litt. Det er ikkje som då eg skulle syngje offentleg fyrste gong, og ikkje ein gong mor og far min hadde høyrd meg synge før, fortel han.

Etter ein spelejobb på Åndalsnes for ei veke sidan har familien hatt ein god, gammaldags bilferie med innlagte fjellturar. Det vart både Romsdalseggen og stupbratte Bispen, heldigvis med turfølgje  i eventyraren Stein P. Aasheim, som er røynd med slike utfordringar.

- Eg hadde aldri gått der utan han, seier Nordstoga, med trykk på «aldri».

Pendelbanen Loen Skylift, fekk han med seg, og Trollstigen. Rett og slett indrefileten, ifølgje musikaren sjølv. Og han fekk køyre smale vestlandsvegar, slik han hugsar dei frå barnedommens bilferiar.

Men dette skjer ikkje ofte. Å kombinere turné med familietid er ifølgje Nordstoga «berre tull».

- Det må vera det kjedelegaste som finst å vera med på turné.

Artikkelen held fram under annonsen.

Odd Nordstoga har som mål at alle i publikum skal få høyre den låta dei kom for.

- De må ikkje gå...

Nordstoga er ferdig med lanseringsturneen av planta «Kløyvd» som kom i februar. No er det ein meir tradisjonell sommarturné der han serverer litt av det nyare, men mest eldre godbitar. Og med ein eventyrleg karriere er det mykje å velje i.

Nordstoga fortel at han har som mål at alle (!) på konserten skal få den låta dei kom for. Han legg til at dersom han stadig hadde hatt eit nytt sett, og ikkje låtar som er like godt innkøyrt, så hadde det neppe blitt noko intervju rett før konsertstart.

Nokre endringar blir det i løpet av ein festivalsommar, men skal han skifte ut mykje av settlista for kvar konsert går det utover kvaliteten. Og nokre låtar må han alltid ha med. Slik som «Heim te mor», «Ein farfar i livet» og «Bestevenn». Når han dreg på med desse blir det livat i lyngen. Det er tendensar til allsong heilt frå starten, og på ekstranummeret «Oppå himmelen» har dei fleste reist seg opp på to.

Ståande trampeklapp på ekstranummeret "Oppå himmelen".

Nordstoga sjølv var ei stund redd for at folk hadde reist seg for å gå, og forsikra om at «det kjem ein til». Han hadde ingenting å frykte.

- Hadde eg vore engelsk no, så ville eg sagt thank you! Thank you! I love you! Men eg er jo ikkje engelsk.

Kjærleik frå publikum er han vane med, men eg må spørje: Kva er det kjipaste komplimentet å få etter ein konsert?

- "Kan jeg få ta en selfie? Moren min er såå fan", sukkar Nordstoga, før han rettar seg sjølv: - Nei, nei, denne er verre: «Kan jeg få ta en selfie. Moren min er såååå fan. Jeg er ikke det, da. Jeg liker mer sånn…" og så dreg dei i gang med ein eller annan tekst. Huff, ler Odd Nordstoga.

Heldigvis såg dei fleste ved Halnefjorden fredag ut til å ta selfie for sin eigen del, og mange sikra seg også ein autograf.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var tydeleg at dei fleste møtte opp for å oppleva Nordstoga, men ein del fekk også med seg resten av konsertprogrammet fredag, med blant andre rockabilly-bandet Krom frå Hol. Og laurdag vart det felles fottur på historisk grunn på Hardangervidda.

Mange nytta høvet til å få autograf, ta ein selfie eller slå av ein prat med Nordstoga etter konserten.
Konserten er over og Odd Nordstoga tek spranget frå scena og opp til standen der han skal selje plater, t-skjorter og møte fansen.