Jon Georg Dale
Jon Georg Dale

Skundar seg med å utrydde Nordfjella-reinen

Landbruksminister Jon Georg Dale vil ikkje svare på kvifor både lokale og sentrale fag­instansar har vorte overkøyrt i utforminga av den endelege saneringsrapporten.

Det er landbruks- og matministeren som tek dei endelege avgjerdene kring sanering av villreinen i Nordfjella. Hallingdølen har forsøkt å kome i kontakt med Dale for å få svar på kva som har skjedd mellom delrapporten og saneringsplanen.

Hallingdølen har bede om svar på kvifor Mattilsynet, Miljødirektoratet og departementet, trass i ei tydeleg tilråding frå fleire faginstansar, har valt å halde på 1. mai 2018 som tidsfrist. Samt spørsmål om kven eller kva for instans som har sett strek under denne datoen. I staden for å svare på spørsmåla viser Landbruks- og matdepartementet, via denne e-posten, vidare til Mattilsynet:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Landbruks- og matdepartementet har slutta seg til Mattilsynets tilråding om å ta ut heile villreinflokken i Nordfjella innan 1. mai 2018, for å nedkjempe skrantesjuke (CWD). Mattilsynet svarar på spørsmål om grunnlaget for tilrådinga og korleis uttaket er planlagd gjennomført».