Skogbrannen i Nes er sløkt

Brannmannskap frå Nes og Flå har sløkt ein skogbrann i Klevarudnatten.

Meldinga om brann kom klokka 0941 tysdag.

Det er snakk om skogbrann aust for Nesbyen sentrum. Brannen spreidde seg oppover i lia, og det var ikkje fare for spreiing til bygningar, melde politiet på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet melde vidare om ein delvis nedbbrend gapahuk i Østenforskogen. Eigaren av gapahuken blir beden om å kontakte politiet.

Klokka 1038 melde brannvesenet at dei meiner dei har kontroll på brannen og klokka 1119 melder politiet at brannen er sløkt.