annonse

– Saltforbod i fjellet førte til dyretragedie på Rv52

Søkte salt og vart påkøyrd
Søkte salt og vart påkøyrd: To tamrein frå Filefjell reinlag påkøyrd av eit vogntog på Rv52 på Hemsedalsfjellet måndag. – Saltingsforbod i fjellet har skulda, seier Runar O. Sletten Bjøberg. (Foto: privat)
Spor
Spor: Ingen sjåfør har meld seg. Politiet fekk melding av forbipasserande som såg døde reinsdyr i 06-tida måndag morgon. (Foto: Privat)

På grunn av smittefaren frå skrantesjuke er det forbode å gi tamrein salt. Dermed trekkjer tamreinen til riksvegen og blir påkøyrd.

Bernt Ivar Bergum

I alle fall er dette forklaringa Runar O. Sletten Bjøberg gir til at ei simle med ein kalv vart funne døde på Rv52 på Hemsedalsfjellet tidleg måndag morgon.

– Når me ikkje får salte i fjellet trekkjer reinsdyra mot vegen. Den fungerer som ein einaste stor saltstein, fortel Bjøberg, som også sit i styret til Filefjell Reinlag ANS.

Han er fortvila. Ein flokk på 30–40 dyr er observert i området, men det er ikkje funne andre skadde dyr.
Reinsdyr kan lukte salt på kilometers avstand. Etter at vegstyresmaktene starta å salte riksvegen over Hemsedalsfjellet på seinhausten og seinvinteren, har vegstripa fungert som ein magnet på reinsdyra.

Eit mottiltak vart å plassere ut saltsteinar på strategiske plassar nordaust for vegen. Det fungerte heilt fram til problematikken med skrantesjuke på villrein dukka opp. Eit tiltak for å hindre spreiing av sjukdommen er at ein ikkje skal legge ut saltsteinar der både sau og rein kan gå om kvarandre.

I mangel på saltstein er det på ny riksvegen som lokkar.

Bremsespor på staden der reinsdyra er treft kan tyde på at det er eit vogntog som har prøvd å manøvrere unna. Men to dyr har blitt treft og drege med 50–60 meter.

– Ingen sjåfør har meld seg?

– Nei. Dei fleste sjåførane over her er utanlandske. Dette blir reint tap for reinlaget, seier Bjøberg.
Han fortel at dei har søkt Mattilsynet om løyve til å gå i gang igjen med salting på strategiske plassar.

– Me vil leggje til rette for å hindre fleire tragediar. Forslaget vart positivt tatt imot av Mattilsynet. Me håpar på positivt svar, seier han.