Tom Rune Hagen (36) frå Nore og Uvdal.
Tom Rune Hagen (36) frå Nore og Uvdal.

Sakna uvdøl framleis ikkje funnen

Politiet leitar framleis etter mannen frå Nore og Uvdal, som har vore sakna i snart fire veker.

For ei veke sidan sette politiet i gang ein leiteaksjon etter Tom Rune Hagen (36) frå Nore og Uvdal. Han har no vore sakna i snart fire veker, etter at han la ut på fisketur 20. juli.

Framleis sakna

Politiet veit ikkje kvar han skulle, men har fått opplyst av familien kva for område han pleier å reise til. Fredag vart det aktive søket etter Hagen sett på pause, før det vart teke opp att måndag. Men politiet står framleis utan spor.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me søkjer framleis etter han, i og med at ingen har klart å kome i kontakt med han på lang tid. Me vil i alle fall sørgje for at me får undersøkt dei områda der han truleg kan opphalde seg, seier Anne Guri Rustgaard, lensmann i Nore og Uvdal.

Også Buskerud Røde Kors hjelpekorps sette måndag ettermiddag i gang eit søk etter den sakna. 

Utvidar søket

Tom Rune Hagen er kring 182 centimeter høg og mørk blond. Han er norsk og pratar austlandsdialekt. Politiet opplyser at det ikkje er uvanleg at han legg ut på lengre turar åleine. Førre veke gjekk politiet ut med ei saknamelding for å gjera folk i fjellet merksame på situasjonen. Før helga vart det søkt frå Branngårdslia i Uvdal over til Læøyngårdsået og mot Lufsjå og Gråvåranden.

- No sett me i verk både bakke- og luftsøk i områda Vestfjellet og Haugåsen i Uvdal. Me er veldig interesserte i opplysningar dersom nokon trur dei kan ha sett han, seier Rustgaard.