Buska tok med seg flaggstonga på skuleplassen i Nesbyen.
Buska tok med seg flaggstonga på skuleplassen i Nesbyen.

Rektor: - Heldigvis var alle elevar inne til time

Ei stor buske gjekk rett i bakken på skuleplassen i Nesbyen.

– Skremmande, seier rektor Petter Knutsen på Nes ungdomsskole.

Det bles kraftig i heile distriktet tysdag. Sjølv nede i gryta i Nesbyen tok vinden hardt til tider. Men det var ein svært sterk kastevind som tok knekken på den digre buska på skuleplassen. Buska vart knekt i vindkastet og deisa i bakken. På veg ned tok den med seg flaggstonga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Heldigvis var elevane både på ungdomsskulen og barneskulen inne til time. Ingen vart utsett for noko som helst, seier Knutsen.

Alle føresette til elevane ved barne og ungdomsskulen vart varsla om det som hadde skjedd.