Store vassmengder har grave ut fyllmassane under jernbanelina.
Store vassmengder har grave ut fyllmassane under jernbanelina.

Reknar med å opne Bergensbanen ved 18-tida

Vatn på avvege skylde vekk pukk under jernbanesporet mellom Flå og Gulsvik. Bergensbanen er stengt mellom Flå og Trolldalen.

Vatn fossa også ned i sporet ved Gulsviktunnelen.

 Situasjonen var dramatisk då mannskap frå Bane Nor oppdaga kva som hadde skjedd under ein ekstra vitasjon måndag morgon. Bergensbanen vart umiddelbart stengt. Då var klokka 10.15.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me hadde gul beredskap, det vil seie at med følgjer situasjonen ekstra nøye og utfører ekstra visitasjon, seier banesjef Guro Torpe i Bane Nor.

Det har kome mykje nedbør i Hallingdal i løpet av helga. Ved Gulsviktunnelen tok vatnet eigne vegar, og grov seg gjennom massane under skinnegangen, som vart hengjande i lause lufta.

 Bane Nor sette i gang for fullt med å utbetre sporet.

– Det må setjast inn større rør og det må fyllast på masse, sa Torpe ved 12.30-tida måndag.

Då kunne ho ikkje seie når banen kunne opnast. Men ho trudde det ville ta litt tid, for det var fleire sviller som ikkje hadde grunn under seg. Seinare opplyste ho til Hallingdølen at ein tok sikte på å opne banen ved 18-tida måndag ettermiddag.

Dei reisande med NSB måtte over på busstransport. NSB sette inn bussar på strekninga Hønefoss-Nesbyen. 

Pressevakt Håkon Myre i NSB fekk meldinga måndag ved 10.30-tida. Myre seier at det no blir jobba med å få setje opp bussar mellom Hønefoss og Nesbyen. Det er til desse stasjonane toga blir køyrt mens bane Nor arbeider med å utbetre skadene.