Førstekandidat Jørgen Harboe Wilhelmsen siktar mot to prosent for Raudt i Buskerud. – Nasjonalt går me for sperregrensa, seier han.
Førstekandidat Jørgen Harboe Wilhelmsen siktar mot to prosent for Raudt i Buskerud. – Nasjonalt går me for sperregrensa, seier han.

Raudt: - Me treng eit skifte

Raudt fekk berre 0,6 prosent av stemmene i Buskerud ved sist stortingsval. No håpar førstekandidaten på framgang.

Og dei siste meiningsmålinga gir Jørgen Harboe Wilhelmsen tru på at partiet kan strekkje seg mot to prosent.

– Nasjonalt går me for sperregrensa, men i Buskerud er nok det eit langskot, medgir førstekandidaten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til venstre

– Kvifor skal veljarane i Hallingdal og Nore og Uvdal stemme på deg og Raudt?

– Først og fremst treng me eit regjeringsskifte. Men erfaringa med den raudgrøne regjeringa sist var at den vart dregen mot høgre. Raudt vil sikre ei dragning til venstre, som me treng. For Hallingdal ser eg mellom anna på kampen mot sosial dumping som viktig. Det blir bygd mange hytter, og lokale handverkarar blir fleire stader utkonkurrert av utanlandsk arbeidskraft. Det har vore ei negativ utvikling i byggebransjen. Sosial dumping er eit stort problem.

– Kva ser du som den største utfordringa for regionen dei neste åra?

– Det nye monstersjukehuset i Drammen. Sjukehuset vil bli eit pengesluk. Eg kan ikkje spå, men eg trur det vil bli overskridingar. Raudt vil vere ein garantist for ar det ikkje blir kutta i lokale tilbod på Ringerike og Hallingdal sjukestugu. Nedbygginga av Drammen hamn gir også ringverknader i Hallingdal.

Usikkert om vegpakka

I samferdselsdelen av valprogrammet meiner Raudt i Buskerud at redusert bruk av fossilt brennstoff og reduksjon av CO₂-utslepp er av dei viktigaste politiske spørsmåla framover.

Derfor er partiet mot alle nye firefelts motorvegar. Om vegane i distrikta seier partiet at dei vil bruke ressursar på å oppgradering.

– Me er for opprusting av vegar når det handlar om trafikktryggleik, seier Jørgen Harboe Wilhelmsen.

På spørsmål om kor partiet står i spørsmålet om Vegpakke Hallingdal, ber førstekandidaten om ei tenkjepause. Etter å ha undersøkt kva Vegpakke Hallingdal er, kjem svaret:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Raudt har ikkje eit konkret vedtak om Vegpakke Hallingdal.

Partiet vil ha meir trafikk over på jernbane for å redusere både flytrafikk og privatbilisme. I Buskerud vil partiet halde oppe togtilbodet på Randsfjordbanen og sette opp lokaltog mellom Hallingdal og Drammen.

– Realistisk?

– Tog skal ikkje vere forretning. Om det er lønsamt eller ikkje er ikkje avgjerande. Me må gjere noko med tilbodet og prisane.

Utan lokallag

Ved stortingsvalet sist fekk partiet berre 0,6 prosent i Buskerud.

I den siste fireårsperioden har ikkje fylkespartiet markert seg stort i debattar lokalt.

– De siktar mot to prosent i Buskerud. Men har de vore synlege nok i fylket?

– Nei, det er har me nok ikkje. Fylkeslaget er framleis drive på dugnad, og me har ikkje mange medlemmer i Hallingdal. Men eg håpar nokon vil starte eit lokallag, Raudt kan ha mykje å bidra med, seier Jørgen Harboe Wilhelmsen, og håpar likevel på eit godt val i Hallingdal og Nore og Uvdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle stemmer tel.

Gjennomsnittet av dei nasjonale meiningsmålingane i august utført av Poll of polls viser at partiet får 3,1 prosent. Dersom det skulle bli resultatet i stortingsvalet 11. september, kan partiet hamne i vippeposisjon.

Jørgen Harboe Wilhelmsen 

47 år frå Drammen

Yrke: Barnehagestyrar på Gulskogen

Hobby: Trivst med «å gå på skauen» 

Politisk førebilete: Karl Marx