annonse

Overgrepssak med forgreiningar i Hallingdal

Overgrepssak
Overgrepssak: Ein mann vart arrestert i desember i 2017, sikta for overgrep mot fleire unge gutar. (Foto: Arkiv)

Ein mannleg sjukepleiar i 50-åra frå Buskerud har vedgått overgrep mot fleire unge gutar. Etterforskinga omfattar også hendingar knytt til Hallingdal.

Bernt Ivar Bergum

Den mannlege sjukepleiaren har mellom anna arbeidd ved barneavdelingar på fleire av landets sjukehus. Han har også arbeidd som sjukepleiar i utlandet. Det er ei sak med mange forgreiningar.

– Politiet driv undersøkingar både i Norge og utlandet, seier Hans-Petter Aasen, politiadvokat i Sør-Øst politidistrikt. Utan at han vil vere meir konkret stadfestar han at det også blir gjort undersøkingar i Hallingdal.

Etterforskinga som har pågått i lang tid er no i sluttfasen. Mannen vart arrestert i desember i 2017, sikta for overgrep mot fleire unge gutar.

Han har vedgått forholdet, men forsvararen hans, Ole Lien, har overfor Radio Norge sagt at dei er usamde om omfanget.

Politiet hevdar det er fleire fornærma i saka som omfattar seksuelle overgrep. Overgrepa skal ha gått føre seg over fleire år i både inn- og utland.

Når politiet set sluttstrek for etterforskinga blir saka sendt over til statsadvokaten, som skal vurdere ei eventuell tiltale.

– Av omsyn til etterforskinga vil me på noverande tidspunkt ikkje kommentere saka ytterlegare, seier Aasen til Hallingdølen.

Radio Norge melder at mannen over lengre tid har hatt opphald i utlandet, der han også har praktisert som sjukepleiar. Den sikta har sete i varetekt sidan han vart arrestert i desember. Påtalemakta meiner det er grunnlag for varetekt fram til saka kjem opp for retten og det ligg føre dom, melder radiostasjonen.
Forsvarar Ole Lien har ingen ytterlegare kommentarar til saka no.