Øystein Bråten er olympisk meister i slopestyle.
Øystein Bråten er olympisk meister i slopestyle.

OL-gull og konge i bakken

Øystein Bråten viste kva han er god for og tok OL-gull i slopestyle.

- Eg tryna fleire gonger på trening i dag tidleg. Men så landa eg det fyrste runnet. Eg har aldri hatt makan til kjensle før. Det er det største som har skjedd. Heilt rått, seier gullvinnaren frå Torpo.

Bråten klinka til med 95 poeng og sette standaren alt i fyrste omgang. Alle fem dommarane ga Bråten 95 poeng av 100 oppnåelege.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tok fullstendig av

Etter å ha sett torpingen lande ein switch dobbel cork 1440 tok det fullstendig av i kommentatorboksen. Ekspertkommentator Andres Håtveit i Eurosport som har vore læremeisteren og mentoren til Øystein Bråten, heldt på å falle av stolen.

Nervepirrande

For Bråten vart det også ein nervepirrande konkurranse. Han visste at det var mange sterke konkurrentar i finalen. Han var heller ikkje trygg på at 95 poeng ville halde til gull. Difor var målet å gjere det endå betre i dei to siste omgangane. Men han var litt uheldig i det andre runet. I det siste gjekk det skikkeleg skeis. Han «tryna skikkeleg» for å bruke hans eigne ord. Men konkurrent etter konkurrent landa på lågare poengsum.

Då svenske Oscar Wester som sistemann i finalen mislykkast, kunne Bråten sleppe laus kjenslene. Gullet var eit faktum. Det skulle heim til Torpo.

F.v. Gjermund Bråten, Øystein Bråten og Andreas Håtveit. - Eg hadde aldri vore her hadde det ikkje vore for Gjermund og Andreas, seier den ferske OL-vinnaren.
F.v. Gjermund Bråten, Øystein Bråten og Andreas Håtveit. - Eg hadde aldri vore her hadde det ikkje vore for Gjermund og Andreas, seier den ferske OL-vinnaren.

- Største eg har opplevd

- Eg hadde aldri vore her, hadde det ikkje vore for Gjermund og Andreas og familien. OL-gull har vore eit stort mål lenge. No er det over. Det er heilt uverkeleg. Eg skjønar ingenting eg no, seier Bråten som har to gull og ein sølv i X-games til Eurosport. – Men OL er heilt spesielt. Ingenting kan målast med OL-gull. Dette er det desidert største eg har opplevd.

Stolt storebror

I målområdet vart gullvinnaren møtt av bror Gjermund Bråten. Storebroren som kan syne til tre NM-gull og internasjonale topplasseringar i snowboard, var minst like rørt som OL-vinnaren.

– Eg har opplevd mykje sjølv sportsleg. Men dette er det største. Utan tvil. Også er det ekstra moro å få kunne vere her i OL-byen og dele gullet med Øystein, sa ein rørt storebror til Eurosport då gullet var eit faktum.

- Konge i bakken

Også for Andreas Håtveit var OL-gullet til torpingen ei spesiell oppleving. Håtveit som tok 4. plassen i slopestyle under OL i Sotsji for fire år sidan, har vore læremeisteren og treningskameraten til OL-vinnaren.

- Øystein er beste skikøyraren i verda. I dag var han kongen i bakken. Dette er ein av dei beste slopestyle-finalane eg har sett, fastslår ekspertkommentatoren til Eurosport.

Artikkelen held fram under annonsen.

Resultat, slopestyle, menn:

1. Øystein Bråten, Norge, 95.00

2. Nick Goepper, USA, 93.60

3. Alex Beaulieu-Marchand, Canada, 92.40

4. James Woods, Storbritannia, 91.00

5. Teal Harle, Canada, 90.00

6. Evan McEachran, Canada, 89.40

7. Andri Ragettli, Sveits, 85.80

8. Ferdinand Dahl, Norge, 76.40

Artikkelen held fram under annonsen.

9. Elias Ambühl, Sveits, 73.20

10. Jonas Hunziker, Sveits, 66.20

11. Oscar Wester, Sverige, 62.00

12. Gus Kenworthy, USA, 35.00