HFK har sikra seg ni poeng på dei tre fyrste kampane i årets sesong. Fredag kveld slo dei Kongsberg.
HFK har sikra seg ni poeng på dei tre fyrste kampane i årets sesong. Fredag kveld slo dei Kongsberg.

Nye tre poeng til HFK

Hallingdal Fotballklubb sikra tre nye poeng fredag kveld borte mot Kongsberg.

Dermed står HFK med tre sigrar av tre mogeleg denne sesongen. Betre start kunne ein ikkje drøyme om.

Fredag kveld var det Kongsberg dei spelte mot, på Kongsberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimelaget starta best, men HFK kom etter kvart meir med i kampen. Siste kvarteret før pause var HFK gode og kunne blant anna notere seg skot i tverrliggaren.

Etter pause bølga kampen fram og attende. Nokre minutt før kampslutt avgjorde Johannes Dokken for HFK. Kampen enda 0-1.