Markus Landrø deltok i Forsker Grand Prix.
Markus Landrø deltok i Forsker Grand Prix.

Nesten til finale i forskartevling

Torsdag kveld var Markus Landrø frå Gol i aksjon i den regionale finalen i Forsker Grand Prix i Tromsø, ein konkurranse i forskingsformidling for doktorkandidatar.

Frå scenen på studenthuset Driv presenterte Landrø forskinga si om korleis skikøyrarar tek val i fjellterreng der det kan losne snøskred. På fire minutt skulle deltakarane overtyde publikum og dommarpanel om kven som var den beste forskingsformidlaren. 

Av dei ni regionale finalistane tilknytt Universitetet i Tromsø vart Landrø nummer tre. Ein flott prestasjon, men det heldt akkurat ikkje til å vere med vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre dei to beste frå kvar regionale finale møtest i den nasjonale finalen som sendast på NRK 2 seinare i år.