Traileren køyrde ut på eit jorde.
Traileren køyrde ut på eit jorde.

Mista kontrollen og hamna utpå eit jorde

Ingen personar vart skadd i ei trailerulykke på Rv7 onsdag.

Ulykka skjedde nokre hundre meter vest for Svenkerudbrua.

Den utanlandskregistrerte traileren var på veg sørover på Rv7.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av ein eller anna grunn har føraren mista kontrollen over den tunge bilen. Han køyrde utfor vegen og hamna på eit jorde. 

Det var heldigvis ingen motgåande trafikk då ulykka skjedde. Det er førarhuset på traileren det har gått verst utover. Det fekk store skader. Årsaka til ulykka er førebels ukjent.