Jørn Våge, seniorforskar og CWD-koordinator ved Veterinærinstituttet.
Jørn Våge, seniorforskar og CWD-koordinator ved Veterinærinstituttet.

– Me hadde ikkje full oversikt

Veterinærinstituttet vedgår at dei ikkje hadde oversikt over CWD-prøvene som vart tatt under fyrste del av reinsjakta 2016.

Karsten Nordland Fossly fekk i 2016 beskjed om at bukken han hadde felt under reinsjakta i Nordfjella hadde testa negativt for skrantesjuke. Måndag fekk han beskjed om at bukken likevel hadde skrantesjuke.

– Oversikta var ikkje god nok

Jørn Våge er seniorforskar og CWD-koordinator ved Veterinærinstituttet. Instituttet har sidan det fyrste tilfellet av skrantesjuke vart påvist i april 2016 analysert alle innsende prøver frå hjortevilt landet over. Han forklarar at norske prionforskarar fekk inn mange prøver hausten 2016. Dei skulle ta prøver av alle felte dyr frå reinsjakta i Nordfjella sone 1. I utgangspunktet skulle dei berre nytte metodar som alt var godkjende for tilsvarande sjukdomar, altså prøver frå hjernevev. Såleis vart ikkje innsende lymfeknutar analysert til å begynne med. Slike prøver vart fyrst inkludert nokre veker ut i jakta. Dette førte til at oversikta over prøvene frå dei fyrste jaktvekene i 2016 ikkje har vore god nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis kan det skje at prøver fyrst blir analysert meir enn halvtanna år etter?

– I starten av reinsjakta 2016 vart metoden utvikla og forbetra, ved at lymfeknutar vart inkludert. Resultatet var at dei fyrste par hundre prøvene berre vart analysert med standardmetoden i hjernevev. Gjennom testinga i 2017 har me fått klarare forståing av kor viktig det er å teste lymfeknutar i tillegg til hjernevev. Dei ulike myndigheitene diskuterte det og bestemte at me skulle gå tilbake til frysarane og leite fram lymfeknute-prøvene som ikkje vart testa i 2016. Ei av prøvene, den frå bukken som Fossly skaut, viste seg å vera positiv, seier Våge.

Berre eitt positivt dyr

– Vil fleire få telefonar om at dyr dei trudde var negative, faktisk har testa positivt?

Dei fyrste vekene av reinsjakta i 2016 vart ikkje innsende lymfeknutar analyserte.
Dei fyrste vekene av reinsjakta i 2016 vart ikkje innsende lymfeknutar analyserte.

– Nei. Det er berre dette eine dyret som har testa positivt av alle prøvene me har tatt opp att frå frysaren. 

Ikkje noko hokuspokus

Hallingdølen har fått tilgang til ein tråd med e-mailar frå september 2017. Der stadfestar Jørn Våge over for ein forskarkollega at alle innsende lymfeknutar frå 2016 og 2017 var testa saman med tilhøyrande hjernevevsprøver.

– Det stemte ikkje?

– Det var den oversikta me hadde over lymfeknutar på det tidspunktet. Standardmetoden på hjernevev hadde me full oversikt over. Oversikta tilsa at alle lymfeknutane me hadde fått inn var analyserte. I ettertid har me avdekt at det ikkje var tilfelle, og at ein liten del prøver frå starten av jakta 2016 ikkje var inkludert. No har me betre oversikt. Det har igjen resultert i at dei nemnde lymfeknutane vart tatt opp att og at me opplyste om at me ikkje hadde oversikt. Det er ikkje noko hokuspokus kring det. Eg svara ut frå den oversikta me hadde på det tidspunktet.

Rundt 800 dyr frå Hardangervidda villreinområde vart testa for skrantesjuke under fjorårets reinsjakt. Berre kring 60 av desse prøvene hadde lymfeknutar inkludert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Betyr dette at det likevel kan ha vore CWD-positive dyr på Hardangervidda?

– Det spørsmålet har me svart på mange gonger, og på fleire informasjonsmøte. Ein kan ikkje utelukke at nokon av dei dyra har hatt skrantesjuke i lymfeknutane. Så svaret er ja. Det er berre det ein har testa ein kan seie noko om. Det gjeld også alle dei dyra som har vorte skotne, men ikkje testa, før me påviste sjukdomen fyrste gong, seier Våge.

Fleire dyr i Nordfjella

Det er felt 15 reinsdyr i Nordfjella etter at den siste kjende flokken med villrein vart skoten 25. februar.

Dei siste vekene har åtte mann jobba med å skyte ut eventuelle etterslengarar. Området skal no skal haldast tomt for hjortevilt i minst fem år. Brorparten av dei 15 reinsdyra har blitt felt frå helikopter.

– Det er vanskeleg å spore opp dyr med marginale sporingsforhold. Desse dyra har også gått i bratt terreng, der det er vanskeleg og somme gonger umogleg å ta seg fram med skuter, seier Petter Braaten, seniorrådgjevar i SNO og operativ leiar for statleg felling.

Braaten ber folk om å halde fram med å melde ifrå dersom dei ser villrein eller spor etter villrein i Nordfjella sone 1.

– Eg trur ikkje det går att fleire dyr no. Men det er vanskeleg å vera bastant på det. Det er fort gjort at det kan dukke opp eit einsleg dyr. Me er veldig interesserte i å få tatt dei ut, og ber publikum om å halde fram med å tipse oss.

– Kva gjer de dersom de kjem over anna hjortevilt i sone 1, som til dømes elg og hjort?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Førebels har det ikkje vore noko problem. Me har ikkje sett hjort. Det blir jobba med eit opplegg for korleis slike situasjonar eventuelt skal løysast. Det blir også sett ned ei lokal resursgruppe som skal kome med råd og vink for brakklegging og reetablering i Nordfjella, seier Braaten.