Kva med ein jobb i kommunen? Elevane Ahlaam Ahmed og Mara Meyer frå Gol vidaregåande skule tek ein prat med ingeniør Guro Langslet Lilleslåtten og folkehelsekoordinator Katrine Skalleberg i Nes kommune.
Kva med ein jobb i kommunen? Elevane Ahlaam Ahmed og Mara Meyer frå Gol vidaregåande skule tek ein prat med ingeniør Guro Langslet Lilleslåtten og folkehelsekoordinator Katrine Skalleberg i Nes kommune.

- Mange yrke me ikkje visste om

- Eg har lært mykje i dag, seier Ahlaam Ahmed. - Eg er nesten meir forvirra enn før, ler venninna Mara Meyer.

Ahlaam Ahmed er elev ved Gol vidaregåande skule og er tysdag på yrkesmessa for å prøve å finne ut kva ho skal bli.

- Ambulansefaget vart eg veldig interessert i, fortel ho. Ahlaam trur det blir enklare å velje utdanningsveg etter å ha vore på yrkesmessa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medelev Mara Meyer er ikkje like sikkert på det:

- Det er endå fleire moglegheiter enn eg trudde, så det blir nesten vanskelegare å velje, meiner ho. I dag har ho lært at det går an å velje maritime fag, også  i Hallingdal. Det fristar.

I gata til hallingdalskommunane tek dei to elevane ein prat med ingeniør Guro Langslet Lilleslåtten og folkehelsekoordinator Katrine Skalleberg frå Nes kommune. Dei to har stor forståing for at det er vanskeleg å velje utdanning og yrke.

Lilleslåtten som har vakse opp i Hallingdal har sjølv vore på yrkesmessa på Storefjell og hugsar det var vanskeleg å orientere seg i havet av tilbod og moglegheiter.

- Det var kaos og frå den gongen eg var her hugsar eg best baristakaffen me fekk servert på standen til reiselivet. Men eg vart ikkje barista for det, ler ho.

Lilleslåtten og Skalleberg har båe arbeidd i Nes kommune i rundt to og eit halvt år, og dei pratar varmt om å jobbe i ein kommune.

- Det fine med å bli ingeniør er at du kan jobbe med alt, reklamerer Guro Langslet Lilleslåtten.