Senterpartiet kan bli årets valvinnar etter sterk framgang på alle meiningsmålingar sidan nyttår. – Eg tek ingen siger på forskot, seier Per Olaf Lundteigen.
Senterpartiet kan bli årets valvinnar etter sterk framgang på alle meiningsmålingar sidan nyttår. – Eg tek ingen siger på forskot, seier Per Olaf Lundteigen.

Lundteigen: – No er det alvor

Senterpartiet går mot sitt beste valresultat sidan 1997. Men Per Olaf Lundteigen tør ikkje ta valsigeren på forskot.

Det er likevel liten tvil om at Senterpartiet blir ein valvinnar.

Sidan desember 2016 har gjennomsnittet av dei nasjonale meiningsmålingane vist ein auke frå 7,1 til 11,0 nokre dagar før valet. I 2013 fekk partiet 5,5 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me tek ingen siger på forskot. Men folk må vakne. Greier me ikkje gjere eit godt valresultat, vil Høgre sjå på resultatet som ein beskjed om å køyre på. Og dei har mykje sentralisering på lager, seier Lundteigen.

– Truverdig

– Kvifor skal veljarar i Hallingdal og Nore og Uvdal stemme Senterpartiet?

– No er det alvor. No må me stoppe sentraliseringskreftene som råkar Hallingdal og Numedal sterkast. Då er det ikkje noko meir truverdig alternativ enn Sp. Me kallar ein spade for ein spade, er ombodspersonar for Numedal og Hallingdal og har vist i praksis at det er dette me står for. Eg kjem til å bli endå hardare og ta att med makthavar anten det er mellombelse tilsettingar, EØS-avtalen eller å ta frå ungdom moglegheit til å slå seg ned i bygdene. Me må ta att med teoretikarane som vil endre Norge.

– Kva ser du som største utfordring for distriktet dei kommande åra?

– Det er å skaffe attraktive arbeidsplassar for unge. Når halvparten av ungdomskulla tek høgare utdanning, må me legge til rette for arbeidsplassar også for dei. Då er fiber nødvendig. Det skal me framføre på same måte som straum og telefon i si tid. Distriktet er rikt på kulturliv, friluftsopplevingar og samhald, men det er knappheit på arbeid.

Bakstreversk?

– Kva gjer Sp for å legge til rette for det?

– For det private næringslivet må me få inn att ein distriktsskattelov, me må få tilbake Distriktenes Utbyggingsfond som kan bruke verkemiddel for å få knoppskyting av bedrifter og etterreise Husbanken. Innovasjon Norge må kunne gi lån på same vilkår som dei private bankane gir i byane. I dag er det dyrare å låne pengar i distrikta enn i sentrum. Det kan berre statlege bankar rette opp.

– Sp har markert motstand mot reformene. Møter de, som kritikarane seier, framtida ved å sjå bakover i tid?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Høgre seier det er å sjå bakover om ein er mot sentralisering. Det er berre eit ordspel. Senterpartiets reform i offentleg sektor, er at me må få ein annan kultur i offentleg verksemd. Ein må stole på folk, på lærarar, sjukepleiarar, på politifolk, dei på skattekontora og NAV-kontora. Dei må få større ansvar. I dag blir ansvaret trekt vekk frå førstelinja. Det er dyrt og dårleg.

Vil kjempe

– Dersom Senterpartiet får regjeringsmakt, blir nokre av reformene stoppa?

– Heilt opplagt. Norge er det einaste landet i Skandinavia der Senterpartiet er villig til å gå i regjering med Arbeiderpartiet. Me samarbeider med Ap fordi det skal gi betre resultatet enn om me er i opposisjon. Og me må få heilt anna gjennomslag enn 2005–2013.

– For det er ingen tvil om at det gjekk føre seg ei sentralisering også med Sp i regjering desse åra?

– Heilt opplagt. Og det sa eg frå om. Det gjer at eg kan vere frimodig no. Eg kjem til å følgje opp dette, uansett om me er i opposisjon eller posisjon. Det er mandatet frå våre veljarar.

– Så Sp vil klare å halde desentraliseringsfana like høgt i ei eventuell regjering?

– Ja, det er det me slåst for. Me vil ha lensmannskontor i kvar kommune, stoppe kommunesentralisering, sikre Buskerud fylke, sikre skattekontoret på Gol, sikre tingrett og jordskifterett i Nes. Me har mange med oss. Det er trøkk nedanfrå, og det skal bli vanskeleg for Ap ikkje å støtte det. Mange av deira veljarar og medlemmer er samde med oss, seier Lundteigen.

Lokal vara

Førstekandidaten, som har kapra utjamningsmandatet dei tre siste vala, tek i år eitt av distriktsmandata.

Artikkelen held fram under annonsen.

Partiet har også som einaste parti ein halling høgt opp på lista med sin andreplass. Det betyr at Sigrid Simensen Ilsøy frå Dagali garantert blir vara. Ho vil få sine moglegheiter på Stortinget.

– Eg er glad for å ha med henne. Ho har god utdanning, erfaring og tæl. Og me slåst for å få inn to distriktsmandat, seier Lundteigen.

– Er det realistisk?

– Eg seier berre at me slåst for det og eit valresultat som ligg ein prosent over landsgjennomsnittet.

– Er det framleis vind i segla for Senterpartiet?

– Eineståande god vind. Eg har aldri opplevd så mykje støtte. Det måtte vere i 1993, men då var det også mange som var forbanna på oss. I dag er det begeistring.

64 år frå Vestfossen

Yrke: stortingsrepresentant

Hobby: køyre langs grusvegane for å sjå korleis folk lever

Politisk førebilete: Anne Enger