Ei kvinne i 60-åra vart lettare skadd då bilen hennar hamna i fjellveggen i Nore og Uvdal. Bilen fekk store materielle skadar.
Ei kvinne i 60-åra vart lettare skadd då bilen hennar hamna i fjellveggen i Nore og Uvdal. Bilen fekk store materielle skadar.

Kvinne til sjukehus etter utforkøyring

Den kvinnelege sjåføren i 60-åra vart sendt til sjukehus etter at bilen hennar køyrde i fjellveggen.

Seint onsdag kveld fekk politiet i Sør Øst politidistrikt melding om ei utforkøyring på Fv40 i Nore og Uvdal ved Søre Skaret. Meldinga gjekk ut på at ein bil hadde køyrd av vegen og inn i ein fjellvegg.

Alle nødetatar rykte ut og dei første meldingane gjekk ut på store materielle skadar på bilen i front. Sjåføren, i kvinne i 60-åra, vart sendt til sjukehus for sjekk. Etter ei tid kunne politiet melde at føraren berre var lettare skadd. Bilen vart henta av bergingsbil og vegen vart opna for fri ferdsel.