annonse

Kvinne nektar for å ha drepe

Kvinne tiltalt
Kvinne tiltalt: Riksadvokaten har no teke ut tiltale mot sjubarnsmora for to drap. (Foto: Arkiv)

Påtalemakta meiner at ekssambuaren tok livet av Geilo-mannen Øystein Hagel Pedersen (67).

Arne Ole Lindahl

Han vart funnen død på First Hotell i Kristiansand i april 2014.

Riksadvokaten har no teke ut tiltale mot sjubarnsmora for to drap. I tillegg til at påtalemakta meiner at Øystein Hagel Pedersen døydde av forgifting eller kveling, er kvinna også tiltalt for å ha drepe sin eigen far tolv år tidlegare, melder VG.

Forgifting?

Ifølgje avisa nektar kvinna for å ha hatt noko med drapa å gjere.

Påtalemakta meiner å ha bevis for at Pedersen døydde av forgifting eller kveling. Ifølgje tiltalen meiner påtalemakta at ho sørga for at han tok ei større mengde tablettar av typen Stilnoct som kunne vere dødeleg, og at ho deretter skal ha blokkert luftvegane hans. Kvinnas forsvarar Olav Sylte seier til VG at det ikkje er bevis for å kunne fastslå dødsårsak.

Hadde flytta

Øystein Hagel Pedersen vart funnen død i Kristiansand kort tid etter at han hadde flytta tilbake til Geilo og starta bilforretning der.

I eit intervju med Hallingdølen halvannan månad før han vart funnen død fortalde han at han hadde flytta til Geilo for godt.

– Eg trivst fantastisk godt på Geilo og i Hallingdal, og blir halling på mine gamle dagar, sa han til Hallingdølen under opninga av bilforretninga.

Straffesaka begynner i Kristiansand tingrett 12. november.