Ingen personar vart skadd då det tok til å brenne i ei hytte ved Holdeskaret natt til sundag. (Illustrasjonsfoto).
Ingen personar vart skadd då det tok til å brenne i ei hytte ved Holdeskaret natt til sundag. (Illustrasjonsfoto).

Ingen vart skadd

To personar vart sende til legesjekk etter ein hyttebrann ved Holdeskaret i Hemsedal natt til sundag.

Fire personar vakna av at det brann på utsida av hytta dei budde i natt til sundag. Dei kom seg raskt ut og varsla brannvesenet. Det er ikkje meldt om personskade.

– Politiet har no reist frå staden, men brannvesenet er der framleis. To personar vart sende til rutinesjekk hjå lege, etter å kanskje ha fått i seg røyk. Brannvesenet var raskt på staden og fekk starta sløkkingsarbeid. Då var brannen delvis sløkt med pulverapparat, opplyser operasjonssentralen ved Sør-Øst politidistrikt sundag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk melding om brannen ved 2-tida natt til sundag.