Vegen over Imingfjell blir ikkje brøytt før påske på grunn av villreinen i området. Arkivbilete er frå bommen ved Sønstevassdammen.
Vegen over Imingfjell blir ikkje brøytt før påske på grunn av villreinen i området. Arkivbilete er frå bommen ved Sønstevassdammen.

Imingfjell blir ikkje brøytt før påske

Vegen over Imingfjell mellom Uvdal og Tinn blir ikkje brøytt til påske på grunn av villreinflokkane som står i området.

Fylkesvegen 124 over Imingfjell ligg attsnøga om vinteren, men brukar å bli brøytt opp til påske.

Ikkje open til påske

Men i år må påsketuristane bruke ski og ikkje bil dersom dei skal over fjellet mellom Telemark og Numedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsaka er ein stor villreinflokk frå Hardangervidda på bortimot 2000 dyr som trekte over vegen til austsida av Imingfjellvegen for halvannan månad. Dyra har ikkje reist tilbake og ser ut til å ha slått seg til ro på Lufsjåtangen og i området Imingfjell-Vegglifjell.

Avgjort tysdag

Planen var at brøytinga av den vel ni kilometer lange vegen frå Sønstevassdammen i Uvdal til Austbygda i Tinn skulle starte onsdag og vera open fyrstkomande fredag.

Men tysdag vart det bestemt at vegen ikkje skal brøytast opp denne veka.

Det er fylkeskommunane i Buskerud og Telemark og fylkesmennene i dei to fylka som har bestemt det i samråd med Statens naturoppsyn.

– Me fekk beskjed i dag, tysdag, om at vegen ikkje skal brøytast før påske av omsyn til villreinen som er i området. Driftsentreprenøren NCC er klar til å brøyte på kort varsel, seier Rolf Helge Grønås, avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Buskerud.