Ei hytte brann ned til grunnen på Lauvhaugen i Nore og Uvdal.
Ei hytte brann ned til grunnen på Lauvhaugen i Nore og Uvdal.

Hytte brann ned

Ei hytte brann ned til grunnen på Lauvhaugen i Nore og Uvdal laurdag kveld.

Brannvesenet rykka ut til brannen omkring klokka 23, og meldte ein halvitme seinare om full overtenning.

Det var personar i hytta då det begynte å brenne, men alle kom uskadde frå brannen. Årsaka til brannen er førebels ikkje kjend.