Forsvarar Sindre Løvgaard konfererer med den drapstiltalte 25-åringen i ei pause i rettsforhandlingane.
Forsvarar Sindre Løvgaard konfererer med den drapstiltalte 25-åringen i ei pause i rettsforhandlingane.

Hugsar ikkje kvifor han drap sambuaren: "Ho var draumejenta mi"

Då 25-åringen forstod at han hadde drepe sambuaren, prøvde han å ta sitt eige liv på Rv7 i Gulsvik.

I Hallingdal tingrett tysdag, sa han:

– Eg tok av meg setebeltet, gassa på, let att augo og sikta meg inn på fjellveggen. Dessverre overlevde eg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han var rusa på alkohol. Ein møtande bil måtte køyre i fjellveggen for å unngå front-til-frontkollisjon. Dei to i bilen vart ikkje skadd.

Men den tiltalte 25-åringen frå Rygge i Østfold fortalde den første redningsmannen som kom til om kva som hadde skjedd i hytta på Sørbølfjell. I hytta fann politiet ei død kvinne. Det var 21 år gamle Alexandra Therese Nilssen. Ho var drepen med 21 knivstikk.

Kjenslemessig ustabil

I Hallingdal tingrett stod han med bøygd hovud og svara «ja» då sorenskrivar Stein Arne Vedde spurde om han vedgår straffskuld.

25-åringen frå Østfold hugsar ikkje noko frå drapshandlinga i hytta på Sørbølfjell.
25-åringen frå Østfold hugsar ikkje noko frå drapshandlinga i hytta på Sørbølfjell.
Den tiltalte 25-åringen i samtale med statsadvokat Anne Christine Stolz Wennersten og forsvarar Sindre Løvgaard.
Den tiltalte 25-åringen i samtale med statsadvokat Anne Christine Stolz Wennersten og forsvarar Sindre Løvgaard.
Forsvarar Sindre Løvgaard og statsadvokat Anne Christine Stoltz Wennersten.
Forsvarar Sindre Løvgaard og statsadvokat Anne Christine Stoltz Wennersten.
Bistandsadvokat Gunn Iren Midtbø vil i prosedyren fremje eit erstatningskrav mot tiltalte.
Bistandsadvokat Gunn Iren Midtbø vil i prosedyren fremje eit erstatningskrav mot tiltalte.
Det er sjeldan stor medieinteresse i Hallingdal tingrett for denne drapssaka. Nærmast sit bistandsadvokat Gunn Iren Midtbø og bak står statsadvokat Anne Christine Stoltz Wennersten.
Det er sjeldan stor medieinteresse i Hallingdal tingrett for denne drapssaka. Nærmast sit bistandsadvokat Gunn Iren Midtbø og bak står statsadvokat Anne Christine Stoltz Wennersten.

I forklaringa si fortalde han om turen til hytta i Gulsvik som han og sambuaren gledde seg. Om korleis dei kosa seg, men samstundes følte han seg kjenslemessig ustabil.

– Press frå samfunnet, press for å prestere, ha ein best mogleg jobb og utdanning. Dette prega han. Han fekk ei kjensle av tomheit, ei kjensle av at livet ikkje var verdt noko. Han var lei seg då han tok bilen hennar og køyrde ein tur i hyttefeltet om morgonen tysdag 18. juli.

Alt var mørkt

– Ho ringde og bad meg kome tilbake. Ho var fortvila og sint fordi eg hadde teke bilen hennar og køyrt av garde, sa han.

Det var då ho også sa at «eg orkar ikkje dette meir», og ville at dei skulle reise frå hytta. Sjølv sat han fortvila på ein stol med hendene i hovudet.

– Etter det hugsar eg ikkje meir. Eg måtte ha vore bevisstlaus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det einaste han hugsar er han høyrde namnet sitt to gonger og gurglelydar.

– Alt var mørkt, sa han.

Etterpå drakk han frå ei konjakkflaske, tok bilnøkkelen og køyrde av garde.

– Forstod du kva som hadde skjedd, spurde aktor, statsadvokat Anne Christine Stolz Wennersten.

Tiltalte: – Det verkar slik.

Drepen med kokkekniv

Han følte at alt gjekk til helvete og køyrde ned til Gulsvik der køyringa fekk ein bråstopp.

– Eg hadde ikkje tenkt å overleve den krasjen, sa han.

Han prata lågt. Det var ei nærmast trykkande stille i retten då han sa:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho var ei fantastisk jente. Draumejenta mi.

Motiv?

Påtalemakta meiner at motivet for å drepe henne var frykta for at ho skulle gå ifrå han.

– Kvifor drap du, spurde forsvararen, advokat Sindre Løvgaard.

Tiltalte: – Eg veit ikkje.

Løvgaard: – Hadde du eit motiv?

Tiltalte: – Eg hadde ikkje noko motiv. Kva skulle det vere?

Han fortel retten at han har hatt psykiske problem heilt sidan 2012, og tankar om å ta sitt eige liv har ikkje vore framand. Han bad om hjelp, han har vore tvangsinnlagt og er medisinert.

– Men eg føler at eg ikkje fekk rett behandling, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tilrekneleg

Dei rettsoppnemnde psykiatrane som skal forklare seg i retten har konkludert med at han var tilrekneleg då drapet skjedde. Tiltalte er usamd.

Men 25-åringen må førebu seg på ei lang straff.

– Det tenker eg ikkje så mykje på. Den psykiske straffa vil vere der for alltid. Liv mitt er alt øydelagt.