annonse

Historia om heimefødsel gjorde inntrykk

Årets foto
Årets foto: Fødsel-reportasje fekk pris. (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard )
Pris
Pris: Redaktør Embrik Luksengard tok imot fleire prisar på LLAs landsmøte i Bodø i helga. (Foto: Medier 24)

Hallingdølen tok heim tre hovudprisar under LLAs landsmøte i Bodø.

Landslaget for lokalaviser var samla i Bodø i helga, med 200 deltakarar frå store og små aviser frå heile landet. Laurdag kveld var det tid for utdeling av prisar.

Lister vart Årets lokalavis. Avisa dekker Farsund, Lyngdal, Kvinesdal, Flekkefjord og Hægebostad kommunar på Sørlandet. 

Jan Inge Fardal i Sogn Avis vann journalistprisen for ein artikkelserie om forholda i barnevernet.

Hallingdølen markerte seg med tre hovudprisar: Årets lokalavisside, Årets lokalavisfoto og Årets digitale satsing. To av dei for serien om heimefødsel, skrive av Sindre Thoresen Lønnes og foto av Signe Fuglesteg Luksengard. Digital satsing for Videomagasinet.

Hallingdølen fekk også heiderleg omtale i klassen Årets lokalavis og Årets lokalavisfoto.

 - Dette er moro og fortel at me har mange dyktige tilsette i Hallingdølen, seier redaktør Embrik Luksengard.

Her er juryens grunngjeving:

Årets lokalavisfoto er stillferdig, men samstundes rått og ekte! Saman med journalisten har Hallingdølens fotograf vore med på heile heime-fødselen til Hilde Mesics Kleven. Resultatet er ein vakker hyllest til noko av det største i livet. Også fototeknisk er vinnarbildet godt. Signe Fuglesteg Luksengard og Hallingdølen fortener prisen for Årets lokalavisfoto 2017.

Årets digitale satsing: Videomagasinet som Hallingdølen presenterer kvar månad er eit solid stykke handverk. Det er imponerande høg kvalitet på produksjon, studio, vignettar, innhald og programleiing. Prisen vert delt ut med utgangspunkt i magasinet for november 2017. Her kjem namnet på magasinet absolutt til sin rett. Magasinet blir drive av kvar dei gode bileta er. Dei hentar klipp frå filmtrailerar og prioriterer fine reportasjar der dei gode bileta er essensielle. Videomagasinet har god kontakt med sjåarane via ein konkurranse om det beste biletet i sosiale medium, og rundar konkurransen elegant av med ein videoreportasje med vinnaren. For sjåaren er magasinet lett å orientere seg i med «bokmerker» dersom ein ikkje ønskjer å sjå heile magasinet. Dette er eit solid produkt frå Hallingdølen!

Årets lokalavisside: Et av de sterkeste reportasjecovrene vi har sett noen gang. Det er godt å se noen gjennomføre – både på historie, bilder, presentasjon og prioritering. Dette fortjente 12 sider. Og denne reportasjen fortjener lesere langt utover Hallingdal.

Årets lokalavis, heiderleg omtale: Hallingdølen trekkjer fram folk på ein eksemplarisk måte. Sterke historier vert løfta fram, og løyste og presenterte slik at vi som lesarar lett heng med. Det gjeld uansett om det er snakk om nyheitssaker, større reportasjar eller meiningsartiklar. Avisa tek rolla si som vaktbikkje i lokalsamfunnet på alvor. Dei tek fatt på kritiske saker frå områda dei dekkjer, og er ikkje redde for å ta tydeleg standpunkt i leiarane. Kjeldeval og vinkling av saker gjev avisa eit sprekt preg. Juryen trur at dette er produkt som treff unge vaksne godt. Hallingdølen legg utan tvil store ressursar ned i layout og design. Dei tilbyr lekre og delikate produkt som aviser med langt større ressursar ikkje er i nærleiken av levere. Bileta har jamt over høg kvalitet. Å kunne tilby levande bilete har nærast blitt eit krav i dag for aviser som ønskjer å ha relevante og oppdaterte nettstader. Det er difor bra at avisa mellom anna med sitt tv-magasin også har ambisjonar innanfor nett-tv. Hallingdølen er ei avis som jamt over leverer høg kvalitet i alle ledd og uansett sjanger.

Sjå Videomagasinet her:  www.hallingdolen.tv/videomagasinet-november-2017