Ein mann i tjueåra drap kjærasten sin før han kolliderte med bilen sin på Rv 7 i Gulsvik tysdag morgon. Her er merke i asfalten etter ulykka i Gulsvik.
Ein mann i tjueåra drap kjærasten sin før han kolliderte med bilen sin på Rv 7 i Gulsvik tysdag morgon. Her er merke i asfalten etter ulykka i Gulsvik.

Fleire teoriar om kollisjonen

I hytta til familien hans på Sørbølfjellet drap ein mann i 20-åra kjærasten sin.

Midt under eit krevjande redningsarbeid mens han sat fastklemt i bilen etter ein kollisjon på Rv7 på Gulsvik tysdag morgon, fortalde han redningsmannskapa at kjærasten hans låg død på hytta i Sørbørfjell.

Då denne meldinga kom over radioen til politiet, sette to politipatruljar kursen mot fjellet. Ein halv time seinare vart kvinna funnen i hytta. Ho var død.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er eit nytt hyttefelt som er dårleg merkt. Men takka vere lokalkunnskap og den informasjonen me fekk frå Flå kommune, fann me hytta raskt, seier lensmann Geir Vidme.

Drama i Flå

Det vart ein dramatisk føremiddag i Flå.

Ved 8-tida fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Rv7 i Gulsvik. To personbilar hadde kollidert. Då redningsmannskap kom til staden, fann dei to personar, ei kvinne og ein mann, som var lettare skadde og føraren i den møtande bilen som sat fastklemt. Han var aleine i bilen. Det var han som gav den sjokkerande meldinga om at kjærasten hans låg død på hytta. Då politiet fann kvinna i hytta, vart det slått full drapsalarm. Politimannskap frå heile Hallingdal vart henta inn, og det lokale politiet fekk også hjelp frå Kripos.

Politiet sikrar spor på åstaden.
Politiet sikrar spor på åstaden.
Politiadvokat Per Thomas Omholt og lensmann Geir Vidme står midt i etterforskinga i ein drapssak som gjer inntrykk i Flå.
Politiadvokat Per Thomas Omholt og lensmann Geir Vidme står midt i etterforskinga i ein drapssak som gjer inntrykk i Flå.
Advokat Sindre Løvgaard.
Advokat Sindre Løvgaard.
Hallingdølen)
Hallingdølen)

Trist og tragisk

Mens tekniske etterforskarar rykte inn gjekk politiet frå dør til dør i hytteområdet.

– Denne hendinga er tragisk og trist. Heilt surrealistisk, sa ein hytteeigar til Hallingdølen.

Utover det var hyttefolk svært tilbakehaldne.

Politiet meiner at kvinna vart drepen tysdag morgon. Den drapssikta kjærasten hennar drog frå Sørbølfjell og kolliderte altså på Rv7 i Gulsvik kort tid etter. Paret var på hyttetur. Politiet opplyste tidleg at dei tok utgangspunkt i at dei var åleine i hytta.

– Me veit ikkje kva som forårsaka kollisjonen. Ein teori at dette er ei ulykke, eller at den sikta ønskte å kollidere, seier politiadvokat Per Thomas Omholt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje avhøyrt

Den skadde drapssikta mannen i 20-åra vart sendt til Ringerike sjukehus.

Onsdag føremiddag var han ikkje avhøyrt. Han var ikkje i ein tilstand som gjorde at politiet kunne gjere det. Fordi politiet ikkje har fått hans forklaring på kva som har skjedd og motivet for å drepe kjærasten, er Omholt tilbakehalden med opplysningar om kva politiet fann i hytta på Sørbølfjell.

Advokat Sindre Løvgaard er forsvarar for den drapssikta mannen.

– Eg har ikkje snakka med den sikta, og veit svært lite, seier Løvgaard.

Dei to personane i den møtande bilen var på gjennomreise. Dei vart sende til Ringerike sjukehus med lettare skader, og dei vart avhøyrde av politiet onsdag.

Helsetilstand avgjer

Per Thomas Omholt seier at politiet blir ferdig med dei tekniske undersøkingane på åstaden er ferdig torsdag. Men området rundt hytta vil vere stengt ei tid framover med tanke på ein rekonstruksjon på litt lenger sikt.

Politiet har god oversikt over dei som var på hyttene i nærleiken av drapsstaden, og om kven som har sett kva.

– Når den sikta blir avhøyrt, er avhengig av helsetilstanden hans. Det er helsepersonell som avgjer når han er klar til avhøyr, seier Omholt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen er sikta for drap etter straffelovas paragraf 275. Omholt stadfestar at både den drapssikta og kjærasten kjem frå Østfold. Begge er fødde på 90-talet.

Flå-ordførar Tor Egil Buøen føler med familiane som er ramma.

– Ei veldig tragisk sak, seier han.

– Korleis er reaksjonen i Flå?

– Dei eg har prata med synest dette er fælt og grufullt. Dette er noko me elles berre les om, og så skjer det altså her hjå oss.

Buøen seier at kommunen ikkje er kopla inn i denne saka fordi ingen er lokale. Drapet har skjedd i Flå, men samtidig blir det litt utanfor, seier Tor Egil Buøen.

Sjølv kan han ikkje minnest at det har skjedd eit drap i Flå i nyare tid.