Politiet ber om opplysningar frå publikum som kan føre til at Tom Rune Hagen (36) blir funnen. Han vart sist sett i Uvdal 30. juli.
Politiet ber om opplysningar frå publikum som kan føre til at Tom Rune Hagen (36) blir funnen. Han vart sist sett i Uvdal 30. juli.

Etterlyser Tom Rune Hagen frå Uvdal

Politiet går no ut med offisiell etterlysing av Tom Rune Hagen (36) frå Uvdal som har vore sakna sidan 30. juli.

Politiet ber publikum om opplysningar som kan føre til at mannen blir funnen.

Hagen skal ha fortalt dei han sist var i kontakt med, at han skulle på fjelltur. Men det har ikkje politiet fått stadfesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist sett 30. juli

Tom Rune Hagen vart sist sett i Uvdal om kvelden sundag 30. juli. Han er 182 centimeter høg, har kraftig kroppsbygning og var truleg kledd i turklede.

Det har vore store leiteaksjonar både av politiet, mannskap frå Røde Kors og friviljuge etter at Hagen vart meldt sakna den 8. august. Leiteaksjonane har vore gjennomført både i nærmiljøet og område som kan vera aktuelle for fjellturar.

Leiteaksjonane har vore utan resultat. Ingen har sett spor etter den sakna mannen. Politiet avslutta den operative leiteaksjonen 20. august.

Ber om opplysningar

Etter 30. juli er det ingen som har høyrt eller sett livsteikn frå Hagen. Om han kan vera utsett for ei ulykke eller ei kriminell handling er heilt uvisst.

– Me har avhøyrt både familie, venner, omgangskrets og dei han sist var i kontakt med 30. juli. Ingen har hatt konkrete opplysningar om kvar han kan ha reist etterpå, seier politibetjent og seksjonsleiar for etterforsking for politiet i Hallingdal og Nore og Uvdal, Halvard Jervell.

Hagen har hittil vore etterlyst internt i politiet. No ber Sør – Øst politidistrikt om opplysningar frå publikum som kan ha sett den sakna uvdølen, eller ha informasjon som kan hjelpe politiet med å finne han.

Eventuelle opplysningar må meldast til Gol og Hemsedal lensmannskontor på telefon 32029500.