Bålkos ved Melodden i Vassfaret. Dette vil Oddvar og Einar Ellseth gjerne dele med andre.
Bålkos ved Melodden i Vassfaret. Dette vil Oddvar og Einar Ellseth gjerne dele med andre.

Ellseth’ane vandrar vidare

Oddvar og Einar Ellseth tok ikkje skrekken av å gå Norge på langs i 2012. No tek dei vandringsstaven fatt på nytt.

– No skal me gå Norge på langs att, men denne gongen bit for bit, seier Oddvar Ellseth. Me har delt landet i ti-tolv etappar og skal gå ein bit kvart år framover. Håpet er at me får behalde helsa i åra som kjem.

Strekkje seg

– Me må ha prosjekt som me kan strekkje oss etter. Med vår bakgrunn er det viktig å halde både motivasjonen og formen oppe, seier Oddvar Ellseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oddvar og Einar Ellseth er tvillingar som i 2012 gjekk Norge på langs etter å ha trena seg opp etter alvorleg hjartesjukdom.

Børgefjell

Denne gongen skal Ellseth-tvillingane følgje grensa frå Halden til Grense Jakobselv i Finnmark. Og dei startar med Børgefjell i Nordland i august. Neste år blir det Saltfjellet.

– Me må ta dei tøffaste turane til å begynne med, medan me er sikre på formen Med vår sjukehistorie i botn har me ingen garanti for kor lenge me er spreke nok. Så sparer med «sjarmøretappen» sørover mot Halden til slutt.

Oddvar Ellseth er godt kjent med Norgeskartet. Den tjukke streken er ruta frå 2012. No planlegg han og broren Einar nye turar.
Oddvar Ellseth er godt kjent med Norgeskartet. Den tjukke streken er ruta frå 2012. No planlegg han og broren Einar nye turar.
Oddvar og Einar Ellseth på Nordkapp i 2012, etter 2.700 kilometer til fots.
Oddvar og Einar Ellseth på Nordkapp i 2012, etter 2.700 kilometer til fots.

Ta seg tid

Den nye ruta skil seg delvis frå Norge på langs-ruta.

– Då gjekk me først og fremst den kortaste vegen. Me prøvde oss på Børgefjell då og, men måtte gi opp. Det var for tidleg å gå der i juli. No prøver me att i august, og meiner det skal vere gode tilhøve då.

Denne gongen skal dei prioritere kos framfor tempo.

– I Børgefjell skal me ta det med ro. Me skal ha med telt og fiskestong og bruke den tid me treng, seier Oddvar Ellseth.

Kvar bit av ruta er om lag 200 km, og det er sett av to veker på seinsommaren til turane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vassfaret

Som opplading har dei laga ein felles telttur til Vassfaret:

– Me ønskjer at flest mogleg skal få smaken på friluftslivet og betydninga av å halde seg i god form. Difor har me laga ein tredagars tur i Vassfaret som startar frå Fønhuskoia Kristi Himmelfartsdag, 29. mai. Alt i alt blir me ni-ti deltakarar i alderen frå 20 til over 60. For nokre er dette nytt, medan andre har god erfaring.

Deltakarane er å finne mellom dei som har følgt med på facebooksida «Går for livet».

– Me har ikkje stilt krav om form og fysikk, bortsett frå at folk må klare å bere ein sekk med mat, klede og sovepose.

Historie

Oddvar Ellseth har vore mykje i Vassfaret og er oppteken av dei mange sidene dette området byr på.

– Naturen er ein ting. Deler av Vassfaret er urørt villmark. Så har du eit rikt dyreliv med store rovdyr. Og ikkje minst historia. Vassfaret var eit levande samfunn med eit titals bruk. No er det fråflytta, og bruka står delvis nedgrodde. Men historia er stadig levande.

Nattevandring

Men Oddvar og Einar Ellseth har meir på laget.

– 21. juni skal me føre ei nattevandring i Vassfaret. Me starter frå Veneli om kvelden og endar opp på Skrukkefylla om morgonen den 22. juni, der det er Vassfardag. Det kan bli ein morosam tur, seier Oddvar Ellseth, som saman med Einar har halde over 50 foredrag om Norge på langs-turen i tida etterpå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpet er at me får behalde helsa i åra som kjem.

* Oddvar og Einar Ellseth er einegga tvillingar, 56 år gamle.

* Dei fekk begge alvorleg hjartesjukdom med vekers mellomrom.

* Etter sjukdommen la dei om livsstilen med vekt på turgåing og fysisk aktivitet.

* I 2012 gjennomførte dei ein 2700 km lang fottur frå Lindesnes til Nordkapp, på fire månader.

* I 2013 gjekk dei Norge på tvers.

* I 2014 startar dei Norge på langs att, denne gongen bit for bit.

* Dei reknar med å bruke ti-tolv år på det nye prosjektet.

* På Facebook har dei ein eigen profil, «Går for livet».