Toril Tønnevold (f.v.), Åshild Erdal, Hanne Oma Bergo og Anne Fougner er venninner frå Oslo. Dei er glade for at arrangørane avlyste, og gjekk i staden "eit kvart" skarverenn rundt Ustedalsfjorden, til saman ca 9 km.

Det gode humøret er ikkje avlyst

- Her er ingen sure miner, seier Anne Fougner. Ho er på Geilo med venninner frå Oslo. Dei takkar alle arrangøren for ei ansvarleg avgjerd då dei avlyste "vårens vakraste eventyr" - Skarverennet.

Anne Fougner gjekk Skarverennet i fjor, og ho har trena gjennom heile vinteren for å klare turen. Slik sett var ho motivert, men ikkje under slike vêrforhold med vind på styrkje med 15-20 meter i sekundet.

- Men eg er veldig fornøgd med at arrangørane tok ansvar. Det var jammen nok vind her, seier ho etter eit par rundar rundt Ustadalsfjorden. Saman med tre venninner frå Oslo vart det i år det dei har valt å kalle eit kvart-Skarverrenn på kring 9 km. Det var friskt nok. Følgeleg vart det meir vind enn vin i år, enn så lenge.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er nok handelsstanden som er vinnaren i år, seier Hanne Oma Bergo. Damene reknar med at det blir meir av både handel, pub-besøk og resturantar denne helga ettersom dei ikkje brenn alt krutet i skisporet.

Travel dag

Det er nok mange som har tenkt slik. Det er nemleg mykje folk i Geilo sentrum, og meir enn vanleg. Også utanfor Geilohallen er det travlare enn normalt. Parkeringsvaktene som skulle dirigert trafikken på Ustaoset er omdirigert for å ta seg av handlelystne i staden.

I idrettshallen har handelen av sportsartiklar for lengst passert nivået i fjor. Det er ikkje så rart. Normalt er skarverenns-laurdag ein stille dag, mens det i år ramla inn folk ettersom toga til Finse vart innstilt.

- Dette var det einaste rette, seier Lars Hystad frå Bergen. Han viser til avlsyinga av rennet og ein ekstra handelsdag. Eirik Waler, som driv Skarverennsbutikken i Geilohallen, vedgår det vart ein travel dag.

- Eg håpar det blir avlyst igjen, seier Lars Torp Andersen (f.v.). Åshild Tunga, Anne Gry Ruud, Pia Dalevold, Lisbeth Victoria Klevjer, Aina Børdal, Jørn Tunga, Frank Erik Pedersen, Sven Knudsen og Sander Dalevold har heller ikkje så mykje imot å droppe å gå Skarverennet for å heller gå rett på afterski.

Håvard Nilsen (narast), Morten Reigstad og Hans Petter Thorvaldsen seier dei må ut på ski for å dokumentasjon når dei kjem heim frå guteturen. - Det er alibi for afterski, seier Nilsen.
Håvard Nilsen (narast), Morten Reigstad og Hans Petter Thorvaldsen seier dei må ut på ski for å dokumentasjon når dei kjem heim frå guteturen. - Det er alibi for afterski, seier Nilsen.

- Me starta med fire tilsette, men måtte kaste oss rundt. No er det vel kring 70 på jobb her, inkludert alle leverandørar, seier Eirik Waler, dagleg leiar for Intersport Gol.

Ingen refusjon

I solveggen til ein utekafé i sentrum sit eit bedriftslag frå Hønefoss. Dei gret ikkje over tapte pengar for ein startkontigent dei ikkje får noko glede av. Dersom arrangørane hadde avlyst dagen før, ville dei fått refundert halve summen. 

- Det var heilt rett å avlyse, og det var riktig å vente i det lengste med å avlyse. Det går greit fordi pengane går til eit lokalt idrettslag, seier Åshild Tunga. Laget har ikkje mista humøret, tvert om.

- Dei kan godt avlyse neste år også, seier Lars Torp Andersen. Han er ikkje så ivrig på ski, når det kjem til stykkje.

Avlysningar kan koste arrangøren dyrt. Dersom ein vel å avlyse fredag føremiddag kan alle dei 12.200 deltakarane krevje å få halve kontigenten refundert. Når kontigenten er 650/750 kroner for trim/elite-klasse så betyr det fleire millionar kroner til saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ski er alibi

På Kikut vel tre kameratar frå Østfold å prøve skiene på i den vårlege snøen.

- Det er litt gamal smurning og litt nytt klister, sier Morten Reigstad. Han er heller ikkje så lei seg for at turen over skarvet ikkje vart noko av. Dette er hans første, og etter alt å døme siste, skitur denne sesongen.

- Me må gå litt på ski, men det er eit alibi for å gå på afterski, vedgår Håvard Nilsen.