Denne plakaten vert hengt opp ved innfallsportar til Nordfjella villreinområde.
Denne plakaten vert hengt opp ved innfallsportar til Nordfjella villreinområde.

Ber turistar vaske sko nytta i Nordfjella

No blir fotturistar i Nordfjella møtt med restriksjonar knytt til skrantesjuke.

Mattilsynet og Miljødirektoratet understrekar kor viktig det er å halde strenge rutinar for smittevern i og omkring Nordfjella villreinområde. «Hjortedyra i Nordfjella kan vera smitta av skrantesjuke (CWD). Hjelp oss å hindre at smitten spreier seg til andre område», står det på plakaten som no er vorte distribuert til nærliggande kommunar, turistkontor, turisthytter og innfallsportar til fjellområdet.

Turistar vert bedne om å unngå kontakt mellom hundar og kadaver av hjortevilt, då hundane kan ta med seg smitten til nye område. Det er forbode å ta med seg organisk materiale frå hjortevilt, som til dømes gevir eller avføring, ut av Nordfjella. Samstundes vert folk bedne om å vaske skoa sine når dei forlèt området, då CWD-smitte sit i jord, planter og lav. Dersom ein kjem over sjuke hjortedyr eller ferske kadaver må ein straks melde ifrå til Statens naturoppsyn (SNO) og så nøyaktig som mogleg oppgje stad for funnet. Gjerne med koordinatar eller GPS-posisjon.