Bebuarane på søre Bøygard i Votndalen (biletet) vart evakuert natt til torsdag på grunn av jordskred. Ål kommune rår folk til å sikre at kummar og stikkrenner fungerer som dei skal for å unngå nye ras.

– Alle må sikre grøfter og stikkrenner

Mykje smeltevatn gjer at Ål kommune oppmodar folk om å sikre grøfter og stikkrenner. I Hemsedal er det varsla om 100 årsflaum.

– Først og fremst er eg glad det trass alt har gått bra, men me følgjer med, seier rådmann i Ål, Tone Tveito Eidnes.

Etter fleire jordras siste døgnet har kommunen eit tett samarbeid med både NVE, politi og brannvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blir det gjort spesielle tiltak?

– Me er opptekne av at alle reinskar opp i sine kummar og avløp slik at ikkje vatn hopar seg opp og tek nye vegar. Det er stor fare for nye jordskred før vêret blir kaldare, seier rådmannen. Det er meld om lågare temperaturar først ut i neste veke.

Også i andre kommunar er ein ekstra merksam. NVE har varsla farenivå «gult» for heile Austlandet. Det betyr auka fare for både skred og flaum.

Det har ikkje gått jordras i Hemsedal i nyare tid, men flaum kan det bli. NVE har varsla om 100-årsflaum. Kartet viser vassnivået ved 20-årsflaum.
Det har ikkje gått jordras i Hemsedal i nyare tid, men flaum kan det bli. NVE har varsla om 100-årsflaum. Kartet viser vassnivået ved 20-årsflaum.
Onsdag 18. april gjekk det eit jordras i Bøygardsvegen i Votndalen i Ål, på same stad som det har rasa fleire gonger før.
Onsdag 18. april gjekk det eit jordras i Bøygardsvegen i Votndalen i Ål, på same stad som det har rasa fleire gonger før.

– Me veit det er mykje vatn som skal ned, og at det er mildt, seier Hege Mørk, rådmann i Gol. Onsdag kveld vart ho varsla av rådmannen i nabokommunen om at det hadde gått skred i Ål.

Ein relativt fersk skredfare-kartlegging for Gol og Hemsedal frå NVE gir eit godt faktagrunnlag for tiltak, men førebels er det ikkje sett inn spesielle tiltak i Gol etter at det gjekk skred både i Ål og Nes denne veka.

– At det er bratt betyr ikkje nødvendigvis at det er skredfare. Det betyr også noko kva type grunn det er snakk om og om det er vegetasjon, seier Mørk.

I Hemsedal er det heller ikkje sett inn spesielle tiltak når det gjeld skred, men NVE har varsla om at det kan bli 100-årsflaum.

– Me har gjort grep ved å sjå over stikkrenner, og bønder er varsla om å fjerne fôrballar som ligg i elvekanten, seier rådmann Jan Olav Helling. Han sit sjølv i kommunehuset som også vil vere utsett dersom flaumen skulle bli ein såkalla 100-årsflaum.