Liodden camping fredag føremiddag.
Liodden camping fredag føremiddag.

Alle hyttene er øydelagt – måtte evakuere folk og campingvogner

Dei er vane med vårvatn på idylliske Liodden camping ved Hallingdalselva i Nes. Men ikkje så gale som no.

Det er veldig mykje vatn på Liodden camping ved Rv7 sør for Nesbyen. Elva Todøla fløymer over, og når ho i tillegg møter Hallingdalselva på denne staden, blir det store vassmengder. Fredag morgon måtte vertskapet banke på dørene og evakuere folk. Alle dei åtte campinghyttene er øydelagt.

Dei fleste campingvognene vart flytta i tide, men to vogner står delvis under vatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

LES OGSÅ: Vatn heilt inn på butikktrappa - bustadhus evakuert

Hallingdølens journalist på staden fortel om frustrerte eigarar, og gjester som fortel at dei aldri har opplevd så gale til flaum på Liodden camping.

No håpar vertskapet at resepsjonsbygget ikkje blir råka av flaumen. Fredag føremiddag stod vatnet fire-fem meter unna husveggen.

STOR BILETSERIE FRÅ FLAUMEN - sjå her

Liodden bru er stengt, og vegen til campinglassen frå Rv7, samt til Liegrenda, er også stengt. For å koma til Liodden camping no må du køyre ein skogsbilveg via Todalen.

LES OGSÅ: Rv7 er stengt