annonse

Ål: Heidra for trygg trafikk

Trygg trafikk
Trygg trafikk: Ål kommune er igjen utnemnt som «trafikksikker kommune» av organisasjonen Trygg Trafikk. (Foto: Sindre Thoresen Lønnes)

+ Som andre kommune i landet har Ål vorte resertifisert som trafikksikker kommune.

Caroline Utti

Det er organisasjonen Trygg Trafikk som står bak sertifiseringa. For å gje ein kommune merkelappen «trafikksikker» går dei gjennom kommunale planverk og rutinar i alle sektorar, for å sjå om kommunen driv godt og systematisk arbeid med trafikksikkerheit.

– Det gjer Ål. Me har sett på alt frå helsesektor til barnehage- og skule, kultursektor og eigen etat. Som arbeidsgjevar har kommunen ulike rutinar og prosedyrar som varetek trafikksikkerheita i dei ulike sektorane. Ei slik sertifisering er på ingen måte nokon garanti for at det ikkje kan skje ulykker. Men godkjenninga viser at kommunen jobbar godt med trafikksikkerheit, og at dei gjer det dei kan for å førebyggje ulykker, seier Anne Marit Jordheim, distriktsleiar for Trygg Trafikk i Buskerud.

Jobbar på tvers av sektorar

Ål var også blant dei aller fyrste kommunane i landet til å få ei slik godkjenning for tre år sidan.

– At Ål no er resertifisert som den andre kommunen i landet, seier noko om det føregangs- og systematiske arbeidet dei gjer i kommunen, seier Jordheim.

– Dette set Ål på kartet, i positiv forstand. Eg er veldig stolt av at me no har vorte resertifisert, og av alle i kommunen som har tatt jobben det krev. Me har mellom anna fleire flinke folk i administrasjonen som har sett verdien i å jobbe med dette. Og me er heilt avhengig av samarbeid på tvers av alle sektorar. Spesielt viktig er det å bevisstgjera barn og unge, heilt frå barnehage- og skulealder, for å sikre trygge oppvekstvilkår, seier Solveig Vestenfor, ordførar i Ål.

Generelt høgt nivå i Hallingdal

Sertifiseringa går i intervall, avhengig av når kommunane fyrst kom i gang med arbeidet. Til dømes er Hemsedal kommune sertifisert som «trafikksikker», men skal ikkje opp til ny vurdering før til neste år.

– Totalt sett ligg heile Hallingdal veldig bra an. Flå var siste kommune til å skrive under intensjonsavtale, og dei er godt i gang med arbeidet. Det har vore jobba med trafikksikkerheit i Hallingdal i mange år, og såleis har kommunane alt mange ting på plass. Regionen er også den einaste i Buskerud der alle kommunar er med. Slik sett skil Hallingdal seg ut. No gjeld det berre å få systematisert arbeidet og få det inn i skriftlege rutinar i alle kommunane.