annonse

Ulykke på Rv7

Magnus Lindahl

Tre personar vart sendt til legevakt etter ei ulykke på Rv7 fredag føremiddag.

Ulykka skjedde 500 meter vest for Fagerheim i Hol. Det er ifølgje Sør-Øst politidistrikt snakk om ei møteulykke. Ulykka skjedde ved 13-tida. Dei tre personane vart lettare skadd, og sendt til legevakta på Geilo. Vegen var stengt etter ulykka. Klokka 14 melde politiet om at trafikken skulle dirigerast manuelt.