Bil rulla rundt

Ein mann i 40-åra frå Litauen kom frå det utan større skadar då bilen hans kom utanfor vegskuldra på Rv7 på Torpo, ved Kringlevegen natt til torsdag.

Meldinga til politiet kom klokka 0325, og då hadde mannen kome seg ut av bilen etter at han hadde gått rundt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ei tid litt vanskeleg å kome forbi ulykkesstaden.

Politiet kan melde at dei ikkje fann grunn til å gjere førarkortbeslag. Det var berre materielle skader.