Spenstig

Tenk deg ein musikkfestival i kalde, mørke januar. Midt i Hallingdal. På eit lite ungdomshus, med ditto gamaldags scene, utan teknisk rigg. Og med vintertelt som minglerom og serveringslokale. Galskap, ville dei fleste sagt.

Sannsynlegvis har mange sagt det også. Like fullt er musikkfestivalen Sundreball i ferd med å slå rot. I år er det fjerde gongen Øystein Etterlid og Erlend Medgard dreg i gang musikkfesten på ærverdige Sundrehall i Ål. Denne gongen med fleire og større namn enn nokon gong, og med tru på å kome i mål både kunstnerisk og økonomisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me skriv ærverdige Sundrehall. For det har saktens skjedd mykje i dette lokalet sidan ungdomshuset vart bygd på fyrste del av 1900-talet. Den gongen spelte ungdomshusa ei viktig rolle i alt frå folkeopplysning til underhaldning og fest. Faktisk heldt lokalet det gåande som kulturscene og festlokale til utpå 80-talet. For 35 år sidan var Sundrehall møtestad og festplass for ungdom frå heile Hallingdal. I dag er det menigheita Kilden som eig huset.

Sundreball tek derfor kultur- og musikkarven vidare når dei i helga gjer Sundrehall til sentrum for ei rekkje spennande konsertar. Med utgangspunkt i eit lokale tida har gått ifrå har Etterlid og Medgard greidd å skape ein eigen atmosfære og sin eigen festival.

Det er spenstig gjort, og vågalt. Men desto meir gledeleg at dei ser ut til å lykkast. Med ein solid fot innanfor norsk musikkbransje, som lydmann, har Øystein Etterlid eit godt utgangspunkt for å plukke rette artistar. Kopla med ei sterk interesse for å bygge opp eit spennande tilbod i heimkommunen, har han greidd å få musikarar til å stille opp på den særeigne, vesle festivalen Sundreball.

Det er alltid spennande når folk går sine eigne vegar. Det har arrangøren av Sundreball gjort. Kan ein faget, har dei personlege evnene som trengst for å skape innhald og atmosfære, kan ein lykkast sjølv med dei underlegaste utgangspunkta. Den jordnære, praktiske tilnærminga smittar over til frivillige som stiller opp for å få det heile til å fungere.

Alt ligg til rette for at årets Sundreball skal bli det beste. Når De Lillos har gått av scenen i kveld, håpar arrangøren på eit endå sterkare utgangspunkt for nytt ball om eitt år. Det håpet deler me.