Slaktrapport

Politireforma får det glatte lag av politifolk. Det kjem fram i ei undersøking Universitetet i Bergen har gjennomført blant 5786 polititenestemenn. Politifolka er intervjua anonymt. Av dei spurde var det berre 19 prosent som meiner nærpolitireforma vil gi politiet betre føresetnader for å kjempe mot kriminalitet. Og berre 19 prosent av leiarane er samde i at nærpolitireforma vil føre til eit meir synleg og tilgjengeleg politi.NRK refererte undersøkinga sist veke og kalla den ei totalslakt av politireforma. Det er ein karakteristikk justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) ikkje vil vera med på. Han meiner ei undersøking så tidleg i prosessen ikkje har stor verdi, og meiner det er naturleg at tilsette i ein omstillingsprosess er skeptisk til endringar.Konklusjonen overraskar likevel ikkje lensmann Geir Vidme i Flå eller kollegaene hans Torstein Seim i Hol. Dei er begge skeptiske til reforma. Seim meiner rapporten syner at skepsisen heller ikkje er avgrensa til politifolk i distrikta. Det tyder på at mange kritiske politifolk undervegs ikkje har sagt si oppriktige meining.Det samsvarar med inntrykket Hallingdølen sit med. Det har vore svært taust frå dei tilsette. Så kan ein spekulere i kvifor. Er det rett og slett i frykt for framtidige jobbar tenestemenn ikkje har våga å seie si meining?Målet med reforma er å gjera politiet betre i stand til å kjempe mot alvorleg kriminalitet. Fleire politifolk skal ut på patrulje, men samtidig blir 126 lensmannskontor lagt ned. I Hallingdal skal Ål og Flå bort.Me har tidlegare på leiarplass åtvara mot nedlegging av lensmannskontora og sentraliseringa i etaten. Politiet mistar lokalt fotfeste og evne til førebyggande arbeid når den lokale lensmannen blir borte. Og me har stilt spørsmål om prosessen har vore eit skinndemokrati, der kommunar og lokale arbeidsgrupper får seie sitt, men der alt likevel er bestemt på førehand.Tilsette i politiet og lokalsamfunn bør trekkje ein viktig lærdom av undersøkinga til Universitetet i Bergen. Vil ein kjempe mot ei reform, nyttar det ikkje å sitje taus på eit kontor eller berre å jobbe internt. Då når ein ikkje fram. Vil du slåst mot det du meiner er feil, må du heve stemma og lyfte saka opp i det offentlege rom.