Leiar: Uinteressant rapport

Ei utbygging av Rv7 over Hardangervidda er ikkje samfunnsøkonomisk lønsam, heiter det i ei utgreiing bestilt av Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet. Utgreiinga er ein del av den eksterne kvalitetssikringa av den såkalla konseptvalutgreiinga av Rv7 over Hardangervidda.

Det var i 2015 Statens vegvesen la fram si konseptvalutgreiing for fjellovergangen. Den konkluderte med ei tilråding om å bygge korte tunnelar, blant anna gjennom Dyranut – det høgste punktet på Rv7 over Vidda. Ved å bygge fleire små tunnelar oppnår ein to ting; betre vinterregularitet samtidig som eit tek meir omsyn til villreinstamma på Hardangervidda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er denne konseptvalutgreiinga som no er kvalitetssikra eksternt, og der konklusjonen altså er at prosjektet ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt. I staden for å bygge tunnelar, foreslår utgreiinga at det ikkje blir gjort noko som helst. Det betyr same brøyteregime som i dag, og same restriksjonar i trafikk knytt opp til villreinstamma på Vidda.

Noko av grunngjevinga for å la alt vere som det er, er at trafikkgrunnlaget blir redusert med 65 prosent dersom investeringane på E134 over Haukeli og E16/Rv52 Sogn/Hemsedalsfjellet blir realisert. Men her er den nye rapporten dårleg oppdatert. For i mellomtida er det gjort politiske vedtak som ikkje blir vektlagt når utgreiinga konkluderer som den gjer. Etter ei lang og grundig vurdering konkluderte politikarane i 2017 med at Rv7 over Hardangervidda skal vera ein av hovudvegane mellom aust og vest, i tillegg til E134 over Haukeli og Rv52 over Hemsedalsfjellet. Medan Hemsedal blir bygd ut for å handtere tungtrafikken, blir Vidda tilrettelagt for persontrafikk.

Dette er avgjerande føresetnader som ikkje er teke med i den nye rapporten. Derfor blir han også lite interessant. Det er dei færraste vegprosjekta i distrikta som er samfunnsøkonomisk lønsame. Det ville sjå stussleg ut utover landet viss dette aleine skulle styre vegprioriteringar.

Rv7 over Hardangervidda er og blir det kortaste vegsambandet mellom Oslo og Bergen, og vegen er avgjerande viktig for turistregionane i Hallingdal og Hardanger. Denne vurderinga har politikarane gjort i valet av hovudvegar aust-vest. Dette er realiteten. Derfor har den nye rapporten berre teoretisk interesse.