annonse

Leiar: Dei er fyrst på staden

+

Me kjenner dei frå brannutrykking og kanskje trafikkulykker. Men i dag har brannmannskapa langt fleire oppgåver. Brannvesenet trør til både ved ulykker og helseoppdrag.

I 50 prosent av tilfella der alle nødetatane i Hallingdal blir kalla ut, er brann- og redningstenesta fyrst på staden. Det kunne me lese i Hallingdølen tysdag. Brannmannskapa er som regel raskare på plass enn både politi og ambulanse.

Dette fortel ein god del om både brannvesen, politi og ambulanse. For brannkorpset betyr det eit stadig breiare arbeidsfelt. Mannskapa må takle krevjande situasjonar, alt frå berging av folk og bygningar til livreddande helsearbeid og handtering av valdelege personar. Og organisere ulykkesstader inntil politiet er på plass.

Brannetaten har kort og godt blitt ein stadig viktigare redningsinstans. Politiet må på grunn av organiseringa gjerne køyre lange avstandar før ein er på plass på ein ulukkesstad. Det er ikkje den lokale lensmannsbetjenten som blir kalla ut når det smell, det er vakthavande patrulje i eit etter kvart stort politidistrikt. Ambulansane blir også styrt sentralt, og den siste tida har fleire uttrykt bekymring for talet på ambulansar i Hallingdal. Særleg i turistsesongane. Ambulansane slit med å oppfylle responstida i distriktet.

I dette biletet blir brannvesenet stadig viktigare. Brannsjef i Hallingdal, John Bjella, fortel om fleire type oppdrag som gjer at mannskapa må lærast opp til å takle mange situasjonar. Derfor blir staben kursa i utvida førstehjelp og bruk av hjartestartar. Også handtering av valdelege personar er ting mannskapa må takle.

Arbeidsoppgåvene til Hallingdal brann- og redningsteneste krev større ressursar. I 2019 er budsjettet 20 millionar kroner, ein auke på tre millionar frå året før. Denne rekninga må kommunane ta. Biletet er altså at den lokalt styrte brann- og redningstenesta utfører oppgåver dei statlege instansane (politi og ambulanse) har.

I eit grisgrendt land er det ikkje dumt at nødetatane samarbeider, og at brann- og redningstenesta utfører fleire oppgåver. Men det må ikkje fråskrive statens ansvar for politi og ambulanse. Det er eit tankekors at dei kommunale utgiftene til brann og redning aukar i takt med manglande levering frå politi og ambulanse.