Full konfrontasjon

Valet av hovudveg mellom aust og vest har splitta Hallingdal. Gol og Hemsedal slåst for Rv52 over Hemsedalsfjellet, dei andre kommunane kjempar for Rv7 over Hardangervidda.

Fram til no har det likevel vore semje om ein ting: Hallingdal jobbar ikkje for bygging av Hordalandsdiagonalen (Odda-Bergen), blant anna fordi det vil ha dramatiske konsekvensar for regionen vår. Tal frå Statens vegvesen syner at den framtidige trafikken gjennom Hallingdal kan bli så mykje som halvert dersom armen Odda-Bergen blir bygd ut. Med Hordalandsdiagonalen vil den framtidige trafikken mellom Bergen og Oslo gå gjennom Telemark (E134), ikkje Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men no er det slutt også på denne semja. Hemsedal-ordførar og regionsrådsleiar i Hallingdal, Oddvar Grøthe, går tvert imot i spissen for bygging av Hordalandsdiagonalen. «Rv52 over Hemsedalsfjellet saman med E134 med arm til Bergen er den einaste løysinga som tener heile Vestlandet», heiter det i uttalen til stamvegsaka frå Interesseselskapet for Rv52 Hemsedalsfjellet, signert leiar Oddvar Grøthe.

Oddvar Grøthe går ikkje berre i strupen på resten av Hallingdal, men forlet også sine eigne argument. I Gol og Hemsedal kommunar sitt mindretalsvedtak på Hallingtinget i mars 2015, der dei to gjekk inn for Rv52, heiter det at «det ikkje er rett å bygge ut armen Jøsendal via Odda til Bergen». Og så seint som i haust konfronterte dei andre ordførarane i Hallingdal Grøthe og Gol-ordførar Heidi Granli med deira deltaking på vegkonferanse i Førde, der det vart spurt om Hordalandsdiagonalen var ein del av alliansen med ISRv52. Det avkrefta dei to ordførarane, ifølgje møteprotokollen.

I dag har dei sjølv gitt svaret i uttalen frå ISRv52. Gol og Hemsedal kjempar for Hordalandsdiagonalen, stikk i strid med Hallingdals interesser. Dei serverer Sogn og Telemark ei lissepasning, og let Hallingdal stå att som den store vegtaparen. I staden for å balansere lokale interesser med det som er viktig for Hallingdal, vel Grøthe å stikke inn kniven og vri om.

Hemsedal og Gol har valt full konfrontasjon, og må vente seg svar på tiltale frå resten av Hallingdal. Eit naturleg spørsmål reiser seg: Korleis kan Hallingdal vera tent med ein regionrådsordførar som legg si fulle tyngd i å jobbe mot regionens interesser i ei så fundamental sak som valet av hovudveg mellom aust og vest?