Pelsdyrprosessen

Det har vel aldri vore aktuelt at styresmaktene i landet skal ha som politisk mål å ta livet av godt opparbeidde og lønsame arbeidsplassar i Distrikts-Noreg?

Er me vitne til ei ny form for galskap?

Då det er blitt eit mål for regjeringa at norsk pelsdyrhald skal avviklast, er dette sjølvsagt ikkje eit folkekrav, men eit resultat av smart mediebruk frå aktivistar i dyrevernorganisasjonar, – noko eit pressa Venstre har hengt seg på i von om å lyfte seg ein tidel eller to på gallupen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sirkelargumentasjonen er slik: Aktivistar fører an mot pelsdyrgardane, støttar seg på «kontorveterinærar» i Oslo, men mindre på veterinærar som i mange år har vore ute i felten. Lobbyen fiksar selektivt spekulative filminnslag, med tilbod til eit fjernsyn som sjølvsagt slepper stoffet gjennom, og med påfølgjande kjensleutbrot blant sjåarane landet rundt.

Neste steg: Lag gallup. Garantert negativ stemning i grupper av folket som aldri har sett foten i ein pelsdyrgard. Så: Urbane avisredaksjonar hiv seg på «opinionen» med leiarartiklar: «Politikerne bør nå – som folket – kreve nedlegging!». Osv. osv.

Opptrekkeri

Takk til Senterpartiet, (og snart KrF?) som ser realitetane i dette opptrekkeriet, og som kritiserer Høgre og Frp for at dei er med Venstre og bryt ned prinsippet om næringsfridom i landet, slik § 101 i Grunnlova føreskriv. Heller ikkje imponerande av Ap å hekte seg på den emosjonskarusellen som er sett i sving, særleg etter at statsråd Gunhild Øyangen bad om satsing på pelsdyrnæringa, følgt av store investeringar i mange år, og for gardeigarane ei positiv og løfterik handsaming av næringa som Stortinget gjennomførte så seint som i 2016.

Men brått i 2017: Pelsdyrhald skal bort innan 2025! Men sjølvsagt må eigarane få kompensasjon for tap av investering og drift, pluss dugeleg med midlar til omstilling.

Skattepengar

Som samfunnsborgar og skattebetalar må ein spørja: Kva er det for krefter som er i gang når ei lønsam næring med fleire hundretals millionar kroner i årlege eksportinntekter til landet vårt skal tvingast til å leggja ned, og bli omgjort til milliardsummar på utgiftssida i statsbudsjettet?

Dyrevelferd er bra, og den vert stadig betre. Useriøse eigarar i alt landbruk driv seg sjølve ut av business. Slik sett går det rette vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men kva blir det neste? Husdyr er fæle greier; dei blir gjerda inne. Dyrehald på gardar er umoralsk. Det er forkasteleg å eta fisk, fugl og kjøt. Jakt og slakting må bort. Og: Er det ikkje skrekkeleg kor trongt fisken lever i oppdrettsanlegga? For ikkje å nemne tilværet til dei millionar kyllingar som lever på betonggolv.

Det er enno ikkje for seint å tenkje seg om.

.