Kari Bremnes speler hovudrolla som journalist Harriet Hansen i filmen Kings Bay.
Kari Bremnes speler hovudrolla som journalist Harriet Hansen i filmen Kings Bay.

Tidsvitne i mørket

Kings Bay-saka var eit av etterkrigstidas største politiske drama. Det hugsar dette kinopublikummet svært godt.

lyset frå det kvite lerretet flimrar framfor runde brilleglas. Russiske lydopptak knitrar frå høgtalarane. Hemmelegstempla dokument. Storebror ser deg. Kings Bay-ulykka er den verste gruveulykka i norsk historie. 21 personar omkom i gruva Esther 1 i Kongsfjorden på Svalbard. Me veit framleis ikkje alt som skjedde den 5. november 1962.

Eit sjokk

Denne veka gjekk filmen «Kings Bay» som seniorkino på Ål kulturhus. Ein norsk konspirasjonsfilm om den fatale novemberdagen og etterspelet som følgde. Kva var det eigentleg som skjedde? Kva om det ikkje var ein ulykke?

Artikkelen held fram under annonsen.

Kinopublikummet som har samla seg på dei bakarste stolradene i veslesalen i Ål kulturhus denne føremiddagen hugsar nok Kings Bay-saka betre enn dei fleste.

– Det kom som eit sjokk, at det hadde skjedd ei slik ulykke. Og at det vart ein omfattande politisk affære i etterkant, fortel Mons Georg Rud (78).

Han hugsar at han som student stod framfor ein TV-butikk i Oslo og såg fjernsynsoverføringane frå Stortinget.

Gunnhild Løkensgard Bjørnsvik kjenner til ulykka i Kings Bay betre enn dei fleste. Mannen hennar, Andreas Bjørnsvik, skulle vore nede i gruva den dagen det small. I staden tok han ta del i redningsarbeidet.
Gunnhild Løkensgard Bjørnsvik kjenner til ulykka i Kings Bay betre enn dei fleste. Mannen hennar, Andreas Bjørnsvik, skulle vore nede i gruva den dagen det small. I staden tok han ta del i redningsarbeidet.
Film er best frå bakarste rad.
Film er best frå bakarste rad.
Frå venstre Magne Jarstadmarken, Oddvar Torpe og Svein Breie. I kassa står Wenke Kolstad.
Frå venstre Magne Jarstadmarken, Oddvar Torpe og Svein Breie. I kassa står Wenke Kolstad.
Mons Georg Rud og Knut K.M. Skrindo kom i prat etter filmen.
Mons Georg Rud og Knut K.M. Skrindo kom i prat etter filmen.
Lars Luksengard registrerer billetten til Knut K.M. Skrindo.
Lars Luksengard registrerer billetten til Knut K.M. Skrindo.
Mons Georg Rud og Beate Flattum Rud nyttar seg ofte av seniorkino-tilbodet.
Mons Georg Rud og Beate Flattum Rud nyttar seg ofte av seniorkino-tilbodet.

– Det er tre andlet som dukkar opp i minnet mitt. John Lyng, Finn Gustavsen og Einar Gerhardsen. Eg hugsar at det var Finn Gustavsen som kom med mistillitsforslaget som gjorde at regjeringa Gerhardsen måtte gå.

Redda livet ved eit tilfelle

Gunnhild Løkensgard Bjørnsvik frå Leveld i Ål fekk betre kjennskap til Kings Bay-ulykka enn mange andre. Ho kom til Svalbard i 1963, eit knapt år etter den fatale ulykka. Der skulle ho jobbe som bokhaldar for Det Store Norske Kulkompani. I 1964 møtte ho mannen i sitt liv, Andreas Bjørnsvik, som på den tida var fangstmann etter fleire år som gruvearbeidar. Han skulle eigentleg ha vore nede i Kings Bay-gruva den skjebnesvangre novemberdagen, men på grunn av at makkeren han jobba med var sjuk, så vart det til at han jobba over bakken den dagen. – Det var nemleg slik at ein ikkje kunne gå ned i gruva utan den faste arbeidskameraten, fortel Løkensgard Bjørnsvik og syner fram eit bilete av mannen.

Dei som jobba utanfor gruva vart sett til å hjelpe til i redningsarbeidet.

– Ein skrekkeleg tragedie. Andreas fortalde ikkje så mykje, det gjekk nok veldig inn på han, minnest ho.

Gunnhild og Andreas budde i Longyearbyen fram til 1966. Etter kvart busette dei seg i Leveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag såg ho filmen på kino. Konspirasjonsteoriane har ho ikkje så mykje til overs for.

– Folk får no skrive det dei vil. Det blir jo litt opp til kva manusforfattaren trur. Men ... Ulykka skjedde under den kalde krigen, seier ho med ettertanke.

Lågare lyd

Løkensgard Bjørnsvik er glad i seniorkino-tilbodet. Heile to gonger var ho og såg «Kongens nei». Filmane har ofte historisk innhald. Det likar målgruppa.

– Me starta med dette hausten 2016. Den første filmen var «Kongens nei». Då kom det mange, fortel kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund.

Mange eldre synest det er problematisk med vanleg kino fordi det er for høg lyd.

– Fleire nyttar høyreapparat som ikkje toler mykje støy, forklarer Skoglund.

På dagtid er det også enklare å koma seg ut døra.

– Dei har vist mange flotte filmar her i den seinare tid. Det er ålreit å gå hit på føremiddagen for oss som har tid til det. Også blir me teke godt vare på her, smiler Mons Georg Rud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei kjerne av sanning?

Handlinga i filmen er lagt til Tromsø. Året er 2016. Journalistar i avisa Nordlys kjem over informasjon som tydae på at det låg meir bak ulykka i Kings Bay enn det norske folk fekk vite. Ei anonym pakke med gamle russiske lydband inneheld ei åtvaring om ulykka, eitt år før den skjer. Journalistane i Nodlys begynner å grave i saka. Jo nærare dei kjem sanninga, jo meir skjønar ein at det er sterke politiske krefter i sving. Nokon er villige til å gå langt for å stoppe journalistane og saka frå å bli publisert.

– Som underhaldning er filmen veldig god. Men så kan ein jo spørje seg om innhaldet. Er det løgn og forbanna dikt, eller er det ei kjerne av sanning, spør Håkon K.M. Skrindo (81).

Han likar best dokumentarfilmar. Filmar som held seg nøkternt til sanninga.

– Men kven var det som hadde hovudrolla, vil han vite.

– Kari Bremnes.

– Songarinna?

– Ja, det stemmer.

– Ho spelte søkkande godt!