På den nedlagde husmannsplassen Bjørke i Vassfaret skal ti ungdommar bu og gå i fotspora til forfattaren Mikkjel Fønhus. Dei skal jobbe om dagen og skrive om kvelden.
På den nedlagde husmannsplassen Bjørke i Vassfaret skal ti ungdommar bu og gå i fotspora til forfattaren Mikkjel Fønhus. Dei skal jobbe om dagen og skrive om kvelden.

Skal leve som Fønhus

Ti ungdommar skal gå i fotspora til Mikkjel Fønhus og leva som han gjorde i Vassfaret. Nesningen Thomas Mørch skal vera kjentmann og assistent for NRK.

I slutten av april startar innspelinga av eit realityprogram i Vassfaret. Ti ungdommar skal bokstaveleg tala gå i fotspora til Mikkjel Fønhus.

Arbeide og skrive

Forfattaren, skogsarbeidaren og friluftsmannen Mikkjel Fønhus budde mesteparten av livet i Vassfaret. Han arbeidde i skogen om dagen og skreiv om kvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal også dei ti ungdommane gjera. I ei veke skal dei bu på den gamle husmannsplassen Bjørke som ligg ved Skrukkefylla og Aurdalsfjorden. Dei blir isolert frå omverda, utan mobiltelefon, internett, straum, innlagt vatn og tekniske hjelpemiddel. Dei skal stå opp grytidleg om morgonen, vera skogsarbeidarar om dagen og skrive om kvelden.

TV-program

Det var «Fønhusgruppen», venneforeninga til forfattaren, som lanserte ideen om eit realityprogram om livet til Fønhus. Saman med NRK og Aschehoug Forlag arrangerte folkehøgskulen «audition» og skrivekurs for 50–60 ungdommar frå Valdres folkehøgskule og Valdres vidaregåande skole i mars.

Ti vart utplukka til å vera med. På same måte som Fønhus skal dei jobbe knallhardt om dagen, vandre i bjørnens rike og skrive om livet i Vassfaret om kvelden.

Nesningen Thomas Mørch skal vera kjentmann for ungdommane i reality-programmet om Mikkjel Fønhus i Vassfaret. Her er stikk han hovudet opp frå eit bjørnehi.
Nesningen Thomas Mørch skal vera kjentmann for ungdommane i reality-programmet om Mikkjel Fønhus i Vassfaret. Her er stikk han hovudet opp frå eit bjørnehi.
Forfattaren og friluftsmannen Mikkjel Fønhus har mange tilhengarar. Dei ivrigaste har tatovert namnet hans på armen.
Forfattaren og friluftsmannen Mikkjel Fønhus har mange tilhengarar. Dei ivrigaste har tatovert namnet hans på armen.

Også Hallingdal blir representert i realityprogrammet til NRK som blir vist i fjernsynet til hausten. Den friluftsinteresserte fotografen og nesningen Thomas Mørch har fått jobben som kjentmann i Vassfaret og assistent for mentoren.

– Draumejobb

– Eg veit ikkje heilt kva rolla mi blir, eller om eg skal bu saman med ungdommane. Eg skal hjelpe dei til å finne kjende plassar og bjørnehi i Vassfaret og fotografere dei. Kanskje kjem eg til å overnatte ute under open himmel også. Dette er draumejobben. Eg har lenge hatt lyst til å bu i Vassfaret over tid og gler meg veldig, seier Thomas Mørch til Hallingdølen.

Thomas er ikkje berre ein kjennar av Vassfaret, men også stor entusiast av Mikkjel Fønhus og med i «Fønhusgruppen».

– Eg vart hekta på bøkene og livet til Mikkjel Fønhus då eg gjekk på vidaregåande. For meg er det midt i blinken å få oppleva og føle på kroppen korleis han budde og levde, seier han.