Thomas Mørch er klar for ny utstilling. (Arkivbilete)
Thomas Mørch er klar for ny utstilling. (Arkivbilete)

Mørch stiller ut

Fotografen Thomas Mørch slår til med utstilling på heimebane.

I november skal det opnast ei utstilling med bileta hans i Kjøpesenteret i Nesbyen.

Mørch har fått prisar, og etter kvart vorte eit kjent foto-namn i Hallingdal. Med kameraet sitt har han fått mange blinkskot, ute i villmarka og ikkje minst i Vassfaret. Då oppvekst, skule og kulturutvalet i Nes kommune fordelte resten av kulturmidlane for i år, fekk Mørch 5000 kroner til klargjering av bilete til utstillinga. I vedtaket skriv utvalet at Mørch set Nesbyen på kartet med bileta sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utvalet gav også 4000 til produksjon av ein katalog i samband med ein presentasjon i Ål kulturhus hausten 2015 av tekstilkunstnaren Jon Sandsmarks og arbeida hans. Hjørne Live fekk 7000 kroner i støtte til Odd Nordstoga-konserten i oktober i år, og det vart gitt 5400 kroner til Prøysenkonserten som Nes frivilligsentral arrangerte for fjorten dagar sidan.