annonse

Det handlar om å leve

Fotografikk
Fotografikk: Kine Hellebust er ein multikunstnar som har sett spor både som skodespelar, songar, dramatikar og forfattar. Dei siste sju åra har ho jobba meir og meir som biletkunstnar. I Galleri Gol stiller ho ut fotografikk. (Foto: Tor Folgerø)

«Utenkte tankar»
«Utenkte tankar»: Fotografikk av Kine Hellebust. (Foto: Tor Folgerø)
«Kjærleiksbåten»
«Kjærleiksbåten»: Fotografikk av Kine Hellebust. (Foto: Tor Folgerø)

– Eg har så stor glede av å jobbe med biletkunst, at det har vakse for kvart år, seier Kine Hellebust.

Tor Folgerø

Ein gamal Berlingo står parkert utanfor Galleri Gol. På bakdøra, eit klistremerke: Rent a Wreck Bodø. Inne står eit fyrverkeri av ein nordlending og rettar på bilete som heng skakt. Kunstnar Kine Hellebust har køyrt i tre dagar for å kome hit. I går kveld opna ho utstilling i Galleri Gol.

Multikunstnar

For mange er Hellebust best kjent som karakteren Randi i TV-seriane til Tramteateret frå 1980-talet. Men skodespelaren har eit breitt register å spele på. Ho er songar, dramatikar, teaterinstruktør, komponist og forfattar.

– Og biletkunstnar?

– Ja, eg er slik at når eg jobbar med noko, går eg heilt opp i det. Og så vil eg gjerne vidare. Skjebnen har vore snill med meg, eg har fått prøvd meg i mange ulike retningar. Kunstkarrieren starta litt tilfeldig med at eg såg ei annonse i ei avis. Kunstnaren Anne Gundersen skulle halde kurs i «foto-fikling» på Skrova, ei øy i Vestfjorden. Eg var nysgjerrig på min eigen landsdel og melde meg på. Eg vart totalt hekta på det eg lærte, seier ho.

Dramaturgi i bileta

Råmaterialet i bileta er fotografi. Men det er ikkje ei fotoutstilling. Hellebust kallar teknikken «fotografikk».

– Det er i prinsippet det same som annan grafikk. Både litografi, linoleumssnitt, tresnitt handlar om å byggje opp bileta, lag for lag. Forskjellen er at eg skaper bileta i Photoshop, seier ho. Som biletkunstnar har ho hatt nytte av si lange erfaring som dramatikar og scenekunstnar.

– Eg har nok eit blikk for dramaturgi, seier ho, og spelar ut ei scene på trappa utanfor galleriet. – Det kjem ein inn frå venstre på scenen og ropar «ja». Frå høgre side kjem det ein og ropar «nei». Der har du ein dramatisk start. Drama betyr handling. Det er viktig å skape handling også i bileta. Eg byggjer dei opp lag for lag, flyttar på element og legg til nye. Og så startar ryddejobben, å skrelle vekk det som ikkje trengst. Ryddejobben er ein stor og viktig del av arbeidet. Det har ført til at eg ligg langt etter når det gjeld rydding på det personlege plan, gliser ho.

Hellebust har blitt gallerist

I 1998 kjøpte Hellebust hus i Balsfjord i Troms. Huset har ho bygd opp og bygd ut og i 2012 starta ho galleri.

– Eg har så stor glede av å jobbe med dette at det har vakse for kvart år, seier ho. Neste år planlegg ho å utvide sommarsesongen. Då blir det sommarutstilling i to fulle månader. I år har det også blitt fem utstillingar utanfor Ballangen, både fellesutstillingar og separat.

– Neste utstilling er alt om fjorten dagar på Bogstad gård i Oslo. Då skal min gode kollega og ven Anders Rogg frå Tramteateret sleppe nytt album. Eg har laga bilete til omslaget, og difor meinte galleristen at det passa fint at me kombinerer plateslepp med kunstutstilling, seier ho. I november er ho invitert til å stille ut på Høybråten, saman med mellom anna Håkon Gullvåg og Marit Bockelie.

Jubileet vekte ein glød

Songaren og komponisten Hellebust gav ut sitt siste soloalbum i 2001, «Kine Hellebust syng Elias Blix».

– Har du lagt musikken på hylla?

– Nei, eg driv med det òg. Hjå meg er kunst og kreativitet som fem bølgjer i eit kar. Plutseleg er det den eine kunstgreina som veks og blir størst. Så søkk den, og ei anna bølgje tek over. I fjor hadde med 40-årsjubileum med Tramteateret. Og du veit, det skjer noko med oss når me møtest igjen. Meir kan eg ikkje si. Jo, eg kan nemne at me har sendt av garde ein søknad til Kulturrådet, smiler ho. – Så får me sjå kva det blir.