Volvo vil gjere reparasjonar så raskt at ein kan vente på verkstaden.
Volvo vil gjere reparasjonar så raskt at ein kan vente på verkstaden.

Volvo med personleg service

I 2010 lanserte Volvo det dei har kalla «fastlegeordning» for bilen, der han har sin faste teknikar.

No skal dei utvide dette tilbodet med ein teknikar til, slik at jobben vert gjort fortare.

– Volvo Personleg Service gjer at bilen blir så raskt ferdig som mogleg, med to teknikarar dedikert til jobben. Då kan kunden vente på verkstaden til bilen er klar, og kan bruke tida på viktigare ting enn å måtte hente bilen igjen seinare på dagen, seier Sten Engebretsen, servicemarknadsdirektør i Volvo Car Norway, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bil-Service i Tønsberg er den første sertifiserte verkstaden i Noreg for Volvo Personleg Service, dei starta opp 9. desember. Tenesta vil bli gradvis introdusert i andre Volvo personbilverkstader over heile landet.