Insignia er Opels største modell, no kjem ei ny utgåve.
Insignia er Opels største modell, no kjem ei ny utgåve.

Ny insignia

Neste år kjem Opel med ein heilt ny versjon av sin største modell, Insignia.

Dagens utgåve vart lansert i 2009 og skal no erstattast. Versjonen vert kalla Insignia Grand Sport og er ein familiebil med eit coupé-inspirert karosseri.

Han skal vere laga på ei heilt ny plattform og har ein akselavstand som er nær 10 centimeter lengre enn hos forgjengaren. Noko som gir bilen betre innvendig plass. Samtidig med at han er blitt lengre, er han også blitt lettare, 60 kilo ifølgje Opel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vårt nye flaggskip tar med seg alle innovasjonane vi introduserte på Astra, og løftar dei til eit enda høgare nivå. Ingen andre bilar i denne klassen kan by på så mykje ny teknologi, påstår konsernsjef Karl-Thomas Neuman i ei pressemelding.

I tillegg til det som truleg er eit høgt utstyrsnivå, vil bilen også bli tilgjengeleg med eit nytt firehjulstrekksystem med dynamisk momentfordeling.

Motoriseringar seier ikkje meldinga noko om. Bilen får sin offisielle debut på bilutstillinga i Genève i mars.