Ladbar Mitsubishi Outlander.
Ladbar Mitsubishi Outlander.

Labert for plugg-inn

Trass i at både styresmaktene og miljøorganisasjonane meiner fleire bør kjøpe ladbare hybridar, går salet tregt. Dei siste OFV-tala viser at ladbare hybridar berre utgjer 1,3 prosent av samla personbilsal i første tertial i dei fire første månadene i år. Dei fleste av dei er bensin/elektriske med Mitsubishi Outlander som stjerne på topp. Diesel/elektriske ladbare hybridar sel knapt.

Av dei totalt 667 nyselde, ladbare hybridane står Mitsubishi Outlander for 622 av dei. Dei ladbare variantane står for 58,5 prosent av eit samla Outlander-sal på 1064 einingar.