Sven Bisgaard Sundet og Tete Lidbom hadde med seg eit skilt i gåve til Randi Bakken i Hallingdal Feriepark.
Sven Bisgaard Sundet og Tete Lidbom hadde med seg eit skilt i gåve til Randi Bakken i Hallingdal Feriepark. Foto: Mona N. Stensvold

Reiste på roadtrip for breiddefotballen

Dei tre karane i NRK-podkasten Heia Fotball er over snittet opptekne av fotball, og av ordspel. Begge delar fann dei på Ål.

Fotball: Denne veka er karane bak NRK P3-podkasten Heia Fotball på roadtrip frå Trondheim til Mandal.

På vegen lagar dei ein podcastepisode kvar dag, om fotball-Norge i dei lågare divisjonane. Dei meiner både dei på og utanfor banen skal ha sin del av æra for at det blir utvikla elitespelarar i Norge.

– Det hadde ikkje vore nokon toppfotball utan breiddefotballen. Det er veldig mange som brukar like mange timar som toppidrettsutøvarar for å halde i gang sin lokale klubb. Fotballklubbane er ofte limet på mindre plassar. Kanskje er det den viktigaste møteplassen for ungar, unge vaksne og vaksne, seier programleiar Tete Lidbom.

– Me får ingen Joshua King, Guro Reiten eller Ada Hegerberg utan breiddefotballen.

– Me gjorde det for å setje fokus på breiddefotballen og dei som driv med det, seier programleiar, Sven Bisgaard Sundet.

Tete Lidbom, Sven Bisgaard Sundet, Lars Haugdal Andersen var imponert over det kreative namnet på banen i Hallingdal Feriepark.
Tete Lidbom, Sven Bisgaard Sundet, Lars Haugdal Andersen var imponert over det kreative namnet på banen i Hallingdal Feriepark. Foto: Mona N. Stensvold

Favorittnamn

Både han og programleiarkollega, Tete Lidbom, har late seg engasjere av breiddefotballen landet rundt.

Torsdag morgon var dei innom Hallingdal Feriepark, for å besøke minifotballbanen med namnet «Ål Trafford». Der fekk drivarane også eit stort treskilt, liknande det som heng på veggen til inspirasjonskjelda, Manchester Uniteds heimebane, «Old Trafford».

– Heilt tilfeldig fekk me høyre at det fanst ein bane som heitte Ål Trafford. Eg er unitedfan, og me er veldig glad i ordspel, så me falt veldig for det namnet. Me meiner det er Norges beste, seier Sundet.

Ferda gjennom Hallingdal er vekas tredje podkast, og kom ut torsdag kveld. I episoden frå onsdag køyrde dei frå Hjerkinn, gjennom Fagernes og Gol til Ål. Der hadde dei ein fotballprat med Stein Torleif Bjella.

– På førehand var me litt usikre på kor interessert han var i fotball. Dei me hadde prata med meinte han ikkje var den største entusiasten. Men så opna han opp og kom med ei heilt herleg fotballhistorie, fortel Lidbom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høyr podcastenher.

Gå på kamp!

Breiddefotballturen er den tredje for karane. For tre år sidan gjekk dei til fots frå Trondheim til Steinkjer for å sjå breiddefotballkamp i heimbyen til nettsjef Lars Haugdal Andersen. I fjor reiste dei nordover i landet. I år går ferda i hovudsak i innlands-Norge.

– Me var litt redd for at breiddefotballen låg brakk før me reiste, for toppfotballen er såpass lite til stades i innlandet. Det er meir ski og vinteridrett. Men no har me lært at den står sterkt. Og me ser at det er ganske like folk som driv desse klubbane. Det er ofte yngre karar, som er heilt rå. Dei tek tak og held liv i klubbane på ein imponerande måte, meiner programleiarane.

Laurdag endar dei opp på Sørlandet, i Sundets heimby, Mandal.

– Då er det full runde i dei lågare divisjonane. Så vår oppfordring til alle er å reise på breiddefotballkamp. Draumen er at me ser ei publikumsauke over heile landet, seier Sundet.

– Det fine med breiddefotballen er at det ikkje treng å vere så mange for å vere ei stor auke. Ta med kompisgjengen og kjøp kaffi og vaffel, kanskje det er det som trengst for å støtte klubben, seier Lidbom.

– Smil og si takk for innsatsen til kaffikokar, vaffelsteikar, banemåkar eller høgreback, som oftast stiller dei på dugnad heile gjengen, seier nettsjef, Lars Haugdal Andersen.

Video:Lars Haugdal Andersen